Støttemur

Følgjande kan du gjere utan søknad

  • Støttemur med høgd inntil 1 m og avstand minst 2 m frå nabogrense
  • Støttemur med høgde inntil 1,5 m og avstand minst 4 m frå nabogrense
  • Støttemur mot veg med høgde inntil 0,5 m

Støttemuren må ikkje hindre sikt i avkøyrsle til offentleg veg. Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket er i samsvar med krava gitt i eller i medhald av plan- og bygningslova.

Følgjande krever søknad frå kvalifisert føretak

Dersom støttemuren ikkje kjem inn under alternativa ovanfor, må du ta kontakt med eit føretak som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

Sikring

Det kan vere naudsynt å montere sikringstiltak som gjerde eller annen innretning på toppen av muren for å hindre fallulykker, jf byggteknisk forskrift § 10-1.

Bygging av støttemur over kablar

Dersom muren skal byggast over leidningar, må det føreligge løyve frå eigar av anlegget. Gjeld det kommunale leidningar må avdelinga for teknisk drift kontaktast.

Gå til "Korleis søke?" >

Publisert av Liss Merete Lien. Sist endra 09.02.2015
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Liss Lien

Bygg- og eigedomssjef
Telefon : 57 73 07 33
E-post : Send e-post