Skilt og reklame Kva er søknadspliktig? Skilt- og reklameinnretning inntil på 3 m2 montert flatt på vegg er unntatt søknadsplikta. Unntaket gjeld ikkje montering av fleire skilt- og reklameinnretningar på same fasade. Skilt- og reklameinnretning på inntil 6,5 m2 montert på vegg, eller med høgde inntil 3,5 m og breidde inntil 1,5 m montert frittståande på terrenget er søknadspliktig, men tiltakshavar kan sjølv vere ansvarleg jfr § 20-2 i pbl. (Søknad om tiltak utan ansvarsrett). Regelen omfattar ikkje plassering av skilt- eller reklaminnretning som kan utgjere fare for persontryggleiken. Heller ikkje dersom fleire skilt skal monterast på same stad eller på same fasade. Andre skilt og reklameinnretningar er søknadspliktig etter § 20-1 og søknad må sendast inn av kvalifisert føretak. Gå til "Korleis søke?" Publisert av Liss Merete Lien Publisert 05.02.2015 14.13