Gjerde og levegg

Følgjande er unntatt søknadsplikt

  • Gjerde mot nabo
  • Gjerde mot veg med høgd inntil 1,5 m. Gjerdet må ikkje hindre sikten i frisiktsoner langs vegen i avkøyrsler. 
  • Levegg med høgde inntil 1,8 m og lengde inntil 10 m og avstand til nabogrense minst 4 m.

Med gjerde i denne samanheng er det tenkt på lette konstruksjonar som skal hindre ferdsel, som til dømes fletterksgjerde og stakittgjerde, der opne delar utgjer minst 50 % av konstruksjonen 

Levegg er ein tett skjerm som avgrensa innsyn og støy, og gjev ly for vind. Levegg kan vere frittståande eller samanhengande med bygning.

Følgjande må du søke om:

Oppsetting av gjerde som ber preg av å vere ein tett "tung" konstruksjon og større leveggar enn nemnt ovanfor.

Gå til "Korleis søke?" >

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Liss Lien

Bygg- og eigedomssjef
Telefon : 57 73 07 33
E-post : Send e-post