Garasje

Følgjande kan du stå ansvarleg for sjølv 

Dersom du kan svare ja på alle desse punkta, kan du stå ansvarleg for tiltaket og søkje kommunen sjølv (Søknad om tiltak utan ansvarsrett):

  • Ein enkelt frittliggande bygning
  • Eigedomen er bebygd frå før
  • Garasjen skal ikkje brukast til bustadføremål
  • Bygningen er i ein etasje, eventuelt også underbygd med kjellar
  • Bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er under 70 m2

Følgjande krev kvalifisert foretak

Må du svare nei på nokre av punkta ovanfor, må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert foretak som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

Avstand til nabogrense

Frittliggande garasje under 50 m2 i ein etasje kan normalt godkjennast 1,0 meter frå nabogrensa, jf plan- og bygningslova § 29-4.

Gararsje over 50 m2 eller garasje som er samanbygd med bustad skal plasserast minst 4 meter frå nabogrense. Kommunen kan godkjenne nærmare plassering enn 4 meter dersom det foreligg ei positiv fråstandserklæring. Erklæringa frå naboen må vere eit skriftleg samtykkje i tillegg til nabovarsling.

Arealplan - kva seier den om min eigedom?

Det vil vere avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva du kan bygge. Dette vil typisk vere byggegrenser, avgrensing i storleik, høgde, takvinkel og liknande.

Pass på at tilataket er innanfor desse avgrensingane før du går i gang med planlegginga. Ta kontakt med kommunen for opplysningar om dette. 

Dersom det du skal bygge ikkje er i samsvar med plan, må du søkje om dispensasjon.

Gå til "Korleis søke?" >

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Liss Lien

Bygg- og eigedomssjef
Telefon : 57 73 07 33
E-post : Send e-post