Visma Flyt skole - nytt skuleadministrasjonssystem

Denne hausten tar vi i bruk eit nytt digitalt system for skuleadministrasjon, Visma flyt skole (VFS).
Alle foreldre/føresette har ansvar for å redigere og oppdatere kontaktinformasjonen, slik at skulane har tilgang til dei rette opplysningane. Dei som enno ikkje gjort det, bør gjere dette så fort som mogleg. Kvar skule kjem til å gje meir infomasjon når skulane er i gang med det nye skuleåret.

 

 

Kontakt skulen eller Linda Ness Rotihaug, tlf 57733301 eller Laila Svalheim Kristiansen, tlf 57730720, dersom du har problem med å logge deg inn i VFS.

 

Løysinga digitaliserer ei rekkje prosessar knytt til elevane og lærarane sin skulekvardag og skal vere med på å betre samarbeidet mellom skulen og heimen.

 

I den nye løysinga kan du:

    • Endre kontaktinformasjon og du har oversikt over barn(a) du har på skulen
    • Søkje permisjon for elev
    • Søkje om plass på SFO
    • Sjå karakterar og vurderingar
    • Melde fråvær og sjå fråvær
    • Sjå timeplan
    • Alle søknadar, brev, dokument og meldingar
    • SFO informasjon og faktura
    • Oversikt over faggrupper og lærarar
    • Lenker til viktig informasjon som skulen ønskjer å dele med heimen

Innlogging til VFS for føresette skjer via ID-porten.

Her kan få meir informasjon om Visma flyt skole.

 

Fann du det du leitte etter?