Vidare drift av kommunen sitt næringsretta arbeid og søknadar til næringsfondet

Vinterstemning i Askvoll. Atløy i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete

Som kjent er HAFS Utvikling AS under avvikling, og vil ikkje lenger kunne handsame søknadar til næringsfondet for Askvoll kommune. Søkjarar eller bedrifter heimehøyrande i Askvoll skal i overgangsfasen sende alle nye søknadar til Askvoll kommune ved ass. rådmann Tova Kjæmpenes. Søknader som er innsendt til HAFS Utvikling etter 02.11.2017 er oversendt den kommunen søkjar er heimehøyrande i for handsaming.

 

Korleis søkje?

Alle søknader sendast inn via: www.regionalforvaltning.no. Dersom det er fyrste gongen du søkjer Næringsfondet må du fyrst registrere bedrifta, organisasjonen eller deg sjølv (privat søker). Dette gjer du i menyen til venstre på Regionalforvaltningen si heimeside.

Etter du har logga inn, klikka på "Ny søknad" og valt fylke skal du velje støtteordning. Skriv du "HAFS Utvikling" i søkefeltet og klikkar, kjem du direkte til rett støtteordning:  "Kommunalt næringsfond (HAFS Utvikling)". Dette må halde fram inntil det praktiske er endra i samband med overføring av næringsfondet til kommunen. Alle søknadar som skal til Askvoll kommune vert vidaresendt av HAFS Utvikling v/styreleiar advokat Jan Nicolai Hvidsten.

Ta gjerne kontakt med oss før du sender søknaden din.

Kontaktperson ass. rådmann Tova Kjæmpenes, e-post: tova.kjaempenes@askvoll.kommune.no, tel. 57 73 07 04 eller mobil 911 28 390

 

Støtteordningar

 

Invisteringstilskot

Det kan gjevast tilskot til investering i bygg, maskiner og utstyr.

Bedriftsutviklingstilskot

Det kan gjevast støtte til utviklingskostnader, både ved etablering og utvikling av verksemd.

Tilskot til tiltaksapparat og kunnskapsretta infrastruktur

Det kan gjevast støtte til regionalt samarbeid, etableraropplæring, samarbeid skule/næringsliv og lokale analyser og utgreiingar.

Arrangementstøtte

Det kan gjevast støtte til arrangement som har som mål å marknadsføre og utvikle regionen.

For utfyllande informasjon, sjå vedtektene for næringsfondet. Nye vedtekter, samt ny strategi og handlingsplan er under utarbeiding, men inntil vidare gjeld dei som var vedtekne i HAFS Utvikling.

Søknadsskjema

Alle søknader må sendast inn via: www.regionalforvaltning.no.

Dersom det er fyrste gongen du søkjer Næringsfondet må du fyrst registrere bedrifta, organisasjonen eller deg sjølv. Dette gjer du i menyen til venstre på Regionalforvaltningen si heimeside.

Etter du har logga inn, klikka på "Ny søknad" og valt fylke skal du velje støtteordning. Skriv du "HAFS Utvikling" i søkefeltet og klikkar, kjem du direkte til rett støtteordning:  "Kommunalt næringsfond (HAFS Utvikling)".

Meir informasjon vil komme framover.

 

Publisert av Kjetil Rørstad Nordvik. Ansvarleg Tova Kjæmpenes. Sist endra 28.11.2017 14:53
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering