Velkommen til nytt skuleår

Klikk for stort bilete

No nærmar det seg nytt skuleår og vi ser fram til å møte alle elevar, både gamle og nye. Velkommen alle saman måndag 19. august!
 

Elevane ved Askvoll skule, Bulandet skule og Gjelsvik skule møter kl. 09:00. Atløy skule startar kl. 08:40.

Vi har ei viktig oppmoding til alle nye foreldre og føresette ved alle skulane:

Vi vil oppmode alle nye foreldre og føresette om å logge inn i vårt administrative system Visma Flyt skole (VFS). Registrer deg med mobilnummer og e-postadresse og sjekk om alle opplysningar som allereie ligg der stemmer.

 

Skulane sender det meste av informasjon til heimane via dette systemet, difor er det viktig at vi har rett kontaktinformasjon på alle føresette.

 

Vi har også ein app som er veldig nyttig å ha i dialogen med lærarar og administrasjon. Den heiter "Min Skole - foresatt". Den lastar du ned til mobiltelefonen din.

 

Her er link til Visma Flyt Skole (VFS) https://skole.visma.com/askvoll/

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Kristen Holt

Kommunalsjef oppvekst
Telefon : 57 73 07 21
Mobil : 99 44 60 68
E-post : Send e-post