OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Velkomen til Askvoll kommune si nye heimeside!

Fjellet Alden sett frå Geita fyr - bilete - Klikk for stort bilete Steinar Bauge

Vi er glade for å kunne syne fram den nye heimesida for Askvoll kommune. 

Ny design

Den nye heimesida har ein ny frisk utsjånad, og er universelt utforma slik at alle kan nytte sida på best mogleg måte. All informasjon du fann på den gamle sida vil vere å finne på den nye. Bruk gjerne "Søk"-knappen dersom du ikkje ser det du leiter etter. 

Universell utforming

På nettsida er det lagt vekt på universell utforming. Det vil sei at det skal vere lettare for deg som les, ha mindre byråkratisk språk og ha forklarande overskrifter som ledar deg vidare. 

Gje oss gjerne tilbakemeldingar!

Innhaldet på heimesida er oppdatert og forbetra. Det er alltid litt hektisk i innspurten av eit slikt prosjekt, så gje oss gjerne tilbakemelding dersom du finn innhald som ikkje er oppdatert eller sider som manglar. Tilbakemeldingsknappane finn du nedst på kvar side; "Fann du det du leitte etter?". 
Vi set pris på at du legg igjen melding dersom det er noko du saknar eller ikkje finn. Ynskjer du svar frå oss må du skrive e-post adressa di.

Til toppen