Finn viktig informasjon om:

 

Vedlikehald av bru på Værlandet - vegen stengd i periodar på dagtid

Vedlikehaldsarbeidet på Ytre Melværsundbrua var varsla med nattestengingar, men må no utførast på dagtid. Arbeidet startar tysdag 27. september

Vestland fylkeskommune har lagt ut følgande melding:

Arbeidet skulle opphavleg utførast på natt, men det let seg ikkje gjere. No blir det stengingar på dagtid i staden, frå måndag til torsdag, fram til 21. oktober. Fredagar, laurdagar og søndagar blir det fri ferdsel.

Stengetider måndag tom. torsdag:

08.35 - 10.15
11.00 - 12-25
13.10 - 16.10  (opning for buss kl. 14.30, 14.45, 15.30 og 16.00)
16.50 - 19.50

Vegen kan opnast for utrykkingskøyretøy.