Varsling frå Askvoll kommune om viktige hendingar

Askvoll kommune nyttar varslingssystemet Varsling24 til å sende ut viktig informasjon til innbyggjarar i samband med hendingar som til dømes stenging av kommunal vassforsyning, kokevarsling for drikkevatn, stengte vegar, evakuering og andre situasjonar som krev rask informasjon.

Varslingar vert sende på SMS til mobiltelefon, som talemelding til fasttelefon og e-post.

 

www.varsling24.no - Klikk for stort bilete

Korleis kan eg få varslingar?

Det er to ulike registre som vert nytta for å nå deg som bur fast eller mellombels i Askvoll kommune:

  1. www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon. I dette felles nasjonale kontaktregisteret oppmodar vi til å legge inn både mobiltelefon og e-postadresse då mange henvendingar frå det offentlege vil føregå her i framtida.
  2. www.varslemeg.no som er eit tilleggregister du kan nytte dersom du ønskjer å motta varslingar for ei adresse som du ikkje er registrert med bustadsadresse på. Her kan du også sjekke om du er har fått varsling under "Har jeg blitt varslet?"

Bedrifter må registrere nøkkelpersonar ved å gå inn på linka www.varslemeg.no. Du kan registrere så mange nummer du vil per adresse.

NB! Når du har telefonabonnement som ikkje er knytt til di bustadsadresse eller du har hemmeleg nummer, må du sjølv registere deg som mottakar av slike varslingar på nettstaden www.varslemeg.no.

For nærare informasjon om varslingssystemet, korleis du kan sjekke om vi kan nå deg eller korleis du kan registrere tilleggsnummer, sjå ofte spurte spørsmål om varsling.

Fann du det du leitte etter?