Varsel om planoppstart

Klikk for stort bilete 






I samsvar med § 12-8 i plan- og bygningslova, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er del av gnr. 86 bnr. 2 m. fl. på Høgda i Kvammen. Eventuelle merknader eller kommentarar må vere kommunen i hende seinast 10.01.2020.

 

Planområdet ligg på Høgda i Kvammen, nordvest for butikken/allaktivitetshuset, og omfattar delar av gnr. 86 bnr. 1 og gnr. 86 bnr. 2, og tomtene i det eksisterande bustadfeltet på Høgda. I kommuneplanen er området avsett til bustadføremål. Det blir såleis regulert i samsvar med kommuneplanen. Planavgrensinga er om lag 56 daa. Det er medrekna den eldre reguleringsplanen for området. Planområdet for ny reguleringsplan er om lag 25 daa.

 

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for å utvide bustadfeltet.

 

Tiltakshavar for planarbeidet er Askvoll kommune.

 

Kommunen har vurdert at det ikkje er trong for å utarbeide konsekvensutgreiing i planarbeidet sidan det ikkje føreligg nokon verneinteresser, truga biologisk mangfald, eller andre naturfare. Samla sett er det vurdert at planarbeidet ikkje har vesentleg verknad på miljø og samfunn, og såleis ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing.

Grunneigarar og naboar er varsla med eige brev.

 

Eventuelle merknader eller kommentarar må sendast til Askvoll komunne, pb. 174, 6988 Askvoll, eller epost postmottak@askvoll.kommune.no og må vere kommunen i hende seinast 10.01.2020.

Kontakt

Andreas Rivedal

Avdelingsingeniør
Telefon : 57 73 07 24
E-post : Send e-post