Varsel om planoppstart

Kart planomriss Askvollheimen 2018 1 - Klikk for stort bilete

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er del av gbnr. 23/1 mfl. i Askvoll. Tiltakshavar for planarbeidet er Askvoll kommune.


 

Planområdet ligg nord for Askvollheimen og er på ca. 13 daa. I kommuneplanen for Askvoll er området avsett til offentleg tenesteyting. Det er ikkje nokon reguleringsplan for området i dag. Askvoll kommune har planlagt å gjennomføre to separate byggetiltak på arealet no i første fase. Eit tiltak for området nærmast Askvollheimen der det skal etablerast aktivitetssenter med tilstøytane kontor og støttefunksjon. Det andre tiltaket er etablering av 8 omsorgsbustadar for utviklingshemma. Dette tiltaket skal etablerast i nordre del av planområdet slik at bustadane får eit eige bumiljø. Det mellomliggande arealet vil regulerast fleksibelt med tanke på framtidig utbygging innan ulike omsorgsbehov. Interne køyrevegar /gangveg, samt fortau for kommunal veg vil inngå i reguleringsplanarbeidet.

 

Oppstartsmøte med Askvoll kommune vart halde den 24.08.2018. Estetikk, trafo/linjenett, vassdrag/flaum og infrastruktur er nokre av forholda som vil bli spesielt vektlagt i planprosessen.

 

Formålet med reguleringsplanen er i samsvar med gjeldande kommuneplan. Planarbeidet er vurdert å ikkje utløyse krav om planprogram eller konsekvensutgreiing.

 

Naboar/Partar er tilskrive med eige brev.

 

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 28.september

 

Adr: Strandgata 15, 6905 Florø. Epost: post@ivestconsult.no Tlf. 97627000/966 27 987

Fann du det du leitte etter?