Varsel om oppstart av planarbeid - Detaljregulering for del av gnr. 213 bnr. 4 - Kleppeneset

I samsvar med plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter §12-3 - forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er del av gnr. 213, bnr. 4 i Askvoll kommune. Tiltakshavar for planarbeidet er Dalsfjorden Tomteselskap DA.


 

Hovudføremål

Føremålet med planarbeidet er å regulere del av gnr. 213 bnr. 4 til bustadtomter med tilhøyrande infrastruktur. Reguleringsplanen vil leggje til rette for eit bustadfelt med 6 tomter. Området er i arealdelen av kommuneplanen avsett til bustadføremål. Tiltaket er i samsvar med føremålet, og er konsekvensutgreidd i arealdelen i overordna plan.

Varsla planområde er 14,2 daa.


Plantema som skal vurderast

Planarbeidet er vurdert å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing. Planprosess og omfang av plantema som skal vurderast særskilt, er avklart med Askvoll kommune i oppstartsmøte den 16.09.2021. Viktige moment som skal vurderast i planarbeidet er vegtilkomst via fylkesveg 609. Tiltakshavar ønskjer å nytte tilkomstveg/gardsavkøyrsle på 213/4 og det vil bli søkt om utvida bruk av denne. Behovet for regulering heilt fram til fylkesvegen vil bli avklart i planprosessen. Varsla planområde omfattar evt. naudsynt areal til frisiktsoner og avkøyrsle. Endeleg planavgrensing kan bli justert i planprosessen.

Tiltakshavar har fått gjennomført kulturminneundersøking, og det er registrert tre områder med automatisk freda kulturminne (dyrkingslag), og nokre nyare tids kulturminne. Tiltakshavar har fått signal om at fredinga truleg vil bli oppheva i løpet av planprosessen, då det er vanskeleg å bevare slike avgrensa dyrkingsflater inne i eit bustadområde. Det er ønskjeleg at fylkeskommunen avklarar frigjeving av kulturminna og eventuelt krav om utgraving no ved varsling om oppstart av planarbeid.

Andre tema som skal vurderast i planarbeidet er mellom anna tilpassing til landskap og omgjevnader, universell utforming, leike- og uteopphaldsareal, renovasjon, løysing for avløp og overvatn, og vurderingar etter naturmangfaldslova og vassforskrifta m.fl.


Medverknad:

Fagmynde og grunneigarar/naboar vert inviterte til å komme med innspel gjennom varsling og kunngjering av planoppstart. Det vert lagt opp til dialog og avklaringar med aktuelle offentlege høyringsinstansar undervegs etter behov. Alle mottatte dokument, merknader og liknande vil følgje planforslaget når det vert sendt kommunen for handsaming.

Høyringsfrist vert sett til 8.11.2021.


Innspel og merknader til planarbeidet skal rettast til:

iVest Consult AS        Adr.:    Strandgata 15, 6905 FLORØ

                                   Epost:  post@ivestconsult.no

Andreas Rivedal

Avdelingsingeniør
Telefon : 57 73 07 24
E-post : Send e-post