Val 2019: manntalet til offentleg ettersyn

For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 må du stå i manntalet.

Står eg i manntalet?

No kan du sjekke om du står i kommunen sitt manntal til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019. Manntalet for Askvoll kommune er lagt ut til offentleg ettersyn på rådhuset i Askvoll frå 11.juli 2019 til og med valdagen 9.september.
 

Det er verdt å merke seg at kommunane ikkje har lov til å publisere utleggingsmanntalet for sin kommune digitalt på nett. Den skal berre verte gjort tilgjengeleg for veljarane.
 

Alle som står oppført i manntalet får tilsendt valkort i løpet av sommaren.
 

Har du nyleg flytta til kommunen og Folkeregisteret har teke imot flyttemeldinga frå deg innan 30.juni 2019, skal du stå i manntalet i tilflyttingskommunen. Vart flyttemeldinga motteke etter denne datoen, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Du kan velje om du vil røyste der på valdagen eller røyste på førehand. Tid og stad for førehandsrøysting vert kunngjort særskilt.
 

Krav om retting

Dersom du finn feil eller manglande oppføring i manntalet, kan du krevje dette korrigert ved å sende en skriftleg  klage til: Askvoll kommune v/valstyret, postboks 174, 6988 Askvoll.
 

Klagen må vere grunngjeven og vere valstyret i hende seinast tysdag 10.september 2019 kl.17:00.
 

Meir informasjon om valet 2019

Her finn du informasjon om valet i Askvoll kommune

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Ole André Klausen

Ordførar
Telefon : 57 73 07 02
Mobil : 48 03 72 85
E-post : Send e-post

 

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post