Val 2017: førehandsrøysting

Val.jpg - Klikk for stort bilete

Veljarar som ikkje er i heimkommunen på valdagen 11.september, kan røyste på førehand frå torsdag 10.august t.o.m. fredag 8.september

Du kan røyste på førehand i alle kommunar i landet, det vil seie at det ikkje er krav om at du skal røyste på førehand i den kommunen du står manntalsført.

I Askvoll kommune kan du førehandsrøyste her:
 

Askvoll rådhus:

  • måndag - fredag kl.08:00-15:00
  • laurdag 2.september kl.11:00-14:00

Askvollheimen (Peisestova)

  • onsdag 6.september kl.10:30-11:30 

Dersom førehandsrøysta skal sendast til ein annan kommune, er du sjølv ansvarleg for å røyste så tidleg at røystegjevinga di når fram til den kommunen du er manntalsført i innan kl. 17:00 dagen etter valdagen.

Legitimasjon og valkort

Hugs gyldig legitimasjon når du skal røyste og valkort. Valkort er ikkje legitimasjon.

Du trenger ikkje valkort for å røyste, men det går raskare for deg å røyste dersom du tar det med.

I desse dagar får alle veljarar tilsendt valkort i posten. Det kan variere litt når du får det, men alle skal ha motteke valkort innan 9.august. Har du ikkje fått valkortet innan 9.august kan det vere fordi du ikkje lenger bur på din folkeregistrerte bustadsadresse pr. 30.juni 2017, eller at du ikkje har spesifikk bustadsadresse. Du kan i så fall ta kontakt med kommune for å sjekke om valstyret har fått valkortet i retur. Du kan då samstundes få sjekka om du står i manntalet.

Du kan framleis røyste utan valkort, både i førehandsrøysteperioden og på sjølve valdagen.

Heimerøysting - Ambulerande røystemottaking

Dersom du grunna sjukdom eller uførleik ikkje kan møte opp på valdagen eller røyste på førehand på anna vis, kan du be om å få røyste heime eller der du oppheld deg.

Fristen for å be om å røyste til ambulerande røystemottakar er sett til tysdag 5.september kl.13:00. Ring Askvoll kommune for å gjere avtale på tlf. 57 73 07 00, eller send oss ein e-post på postmottak@askvoll.kommune.no.

Publisert av Jeroen van Gangelen. Ansvarleg Frida Melvær, leiar for valstyret. Sist endra 08.08.2017 14:07 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Frida Melvær

Ordførar
Telefon : 57 73 07 02
Mobil : 95 41 32 13
E-post : Send e-post

 

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post

 

 
 
Login for redigering