Val 2017: Er du innført i manntalet?

Val.jpg - Klikk for stort bilete

Manntalet ligg no til offentleg ettersyn på rådhuset i Askvoll til og med valdagen den 11.september 

Manntalet er oversikten over alle som har røysterett i ein kommune. For å kunne røyste må du stå innført i manntalet. Sjekk at du står oppført i manntalet.

For veljarar busett i Noreg gjeld:

Alle personar med røysterett vert automatisk førte inn i manntalet i den kommunen der dei var registrerte i folkeregisteret som busett per 30.juni i valåret.

Dersom du har flytta til ein annan kommune etter 30.juni, er du framleis registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå.

Oppdagar du feil i manntalet, kan du krevje at valstyret retter opp feilen. Kravet skal vere skriftleg og grunngjeven, og sendast til:

Askvoll valstyre
Pb. 174, 6988 Askvoll

For veljarar busett i utlandet gjeld:

Dersom du bur i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg ein eller annan gong dei siste ti åra, vert du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett då du flytte frå Noreg.

Dersom du ikkje har vore registrert som busett i Noreg dei siste ti åra, må du søkje den siste bustadkommunen din om å verte ført inn i manntalet.

Du søkjer ved å skrive under på den omslagskonvolutten som vert brukt ved førehandsstemming utanriks. Dersom du førehandsstemmer i Noreg eller ikkje brukar den nemnde omslagskonvolutten, må du søke særskilt. Dette kan du gjere i eit vanleg brev eller ved å bruke eit eige skjema (PDF, 139 kB). Søknaden må innehalde ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar.

Søknaden må kome fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret som busett, innan 12. september kl. 17.00.

Tidlegrøysting

Vi ønskjer å minne om at du etter avtale kan avgje tidlegrøyst på Askvoll rådhus til og med 9.august. Tilbodet gjeld for deg som er forhindra frå å røyste i den ordinære perioden for førehandsrøysting frå 10.august, og heller ikkje kan røyste på valdagen. Meir informasjon om tidlegrøysting ⇒

 

På våre heimesider finn du meir informasjon om avvikling av stortingsvalet i Askvoll kommune ⇒.

Publisert av Jeroen van Gangelen. Ansvarleg Frida Melvær, leiar i valstyre. Sist endra 11.07.2017 12:12 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Frida Melvær

Ordførar
Telefon : 57 73 07 02
Mobil : 95 41 32 13
E-post : Send e-post

 

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post

 

 
 
Login for redigering