Utskriving av eigedomsskatt 2019

Alden.  - Klikk for stort bilete Eigedomsskattelistene for 2019 ligg ute til offentleg ettersyn i 3 veker på rådhuset i Askvoll og på kommunen sine heimesider

Utskriving av eigedomsskatt

I samsvar med eigedomsskattelova § 14 og 15 og § 6-2 og § 6-3 i Askvoll kommune sine eigedomsskattevedtekter, vert eigedomsskattelistene lagt ut til offentleg ettersyn i 3 veker. Eigedomsskattelista vil ligge i resepsjonen i Askvoll kommune og på Askvoll kommune si heimeside og er tilgjengeleg frå 28.02.2019.

Klageadgang

Eigar kan klage på grunnlag for eigedomsskatt kvart år dersom det ikkje har vore klaga på same grunnlag tidlegare år. Dette fylgjer av eigedomsskattelova §19.

Ei eventuell klage sendast til Askvoll kommune, eigedomsskattekontoret, PB 174, 6988 Askvoll, eller pr. e-post: eskatt@askvoll.kommune.no.

Frist for klage for skatteåret 2019 er 12.04.2019

Dersom du har spørsmål om eller klage på formuesgrunnlag så må du ta kontakt med skatteetaten på telefon 800 80000. Sjå denne artikkel for meir info om endring av formuesgrunnlag.

Fann du det du leitte etter?