Utskriving av eigedomsskatt 2017

Synfarar - Klikk for stort bilete

I samsvar med eigedomsskattelova §14 og 15 og §6-2 og §6-3 i Askvoll kommune sine eigedomsskattevedtekter vert eigedomsskattelistene lagt ut til offentleg ettersyn i 3 veker. Skattelista vil ligge i resepsjonen i Askvoll kommune og er tilgjengeleg frå 28.02.2017.

Taksten ligg føre pr. 01.01.2015 på alle eigedomar og er gjeldande i 10 år.  Kommunestyret har vedteke å nytte skatteetatens formuesgrunnlag for bustader / leilegheiter der denne ligg føre. Formuesgrunnlaga vert fastsett årleg av skatteetaten.
 

Eigar kan klage på grunnlag for eigedomsskatt kvart år i dersom det ikkje har vore klaga på same grunnlag tidlegare år. Dette fylgjer av eigedomsskattelova §19.
Ei eventuell klage på sendast Askvoll kommune, eigedomsskattekontoret, PB 174, 6988 Askvoll.

Eller pr. e-post: eskatt@askvoll.kommune.no.
Klaga må vere skriftleg. Klagefrist er 12.04.2017.

Klager på formuesgrunnlag må sendast til Skatteetaten.         

Du kan òg nå oss på telefon 577 30 711 / 577 30 700.


Spørsmål om formuesgrunnlag sjå her. (PDF, 338 kB)

Skatteliste 2017 (PDF, 180 kB)

Sist endra 02.03.2017
Fann du det du leitte etter?