Utdeling Profilprisen 2016

Askvoll kommune vil gratulere Askvoll Sjømat og Delikatesser AS ved Inger Johanne, Helge og Eirik Loftheim som vinnarar av Profilprisen 2016  

Profilpris 2016 - Askvoll Sjømat og Delikatesser AS med eigarane Helge og Eirik Loftheim. Inger Johanne Loftheim er òg eigar men kunne ikkje vere tilstades under utdelinga.   - Klikk for stort bilete

Målet med Askvoll kommune sin Profilpris er å setje fokus på og synleggjere einskildpersonar, lag og organisasjonar eller bedrifter som har gjort ein særleg innsats for å marknadsføre og skape positiv aktivitet i kommunen. Prisen består av eit diplom med trykk av Elisabeth Haarr og ei pengegåve på kr. 10.000,-.

Grunngjeving for Profilprisen 2016

I 2010 flytta det 3 flotte og dyktige ungdommar heim til Askvoll. Dei hadde spanande planar med- og i det gamle bakeriet og landhandelen på gamlekaia. Ambisjonane var store –delikatesseforretning i Askvoll –kunne det bli ein suksess? Nokre jubla, nokre tvilte, nokre meinte beint fram det var galskap. Men etter 6 år har all tvil fordufta. Berre dei gode, positive og optimistiske utsegna står att. Askvollingane var slett ikkje så trauste som mange trudde –vi elskar ganske enkelt delikatessene på gamlekaia, og er svært stolte av denne bedrifta.

Å spreie det gode ordet om Askvoll –om staden og om kommunen. I det å bringe opp det positive og gode med å virke å bu i Askvoll, er desse 3 eineståande.

«Etter at vi flytta heim har eg blitt ein positiv patriot. Eg merkar kor viktig det er at folk flyttar heim og kor viktig det er å vere med på å gjere ein innsats. Då vi budde i byen kunne ein vere reine egoisten i forhold: Ingen veit kven du er, det er ikkje så nøye om du møter opp på styremøtet i sameiget. Her blir det annleis. Her tel det at du engasjerer deg. Og vi vil vere med på å selje Askvoll, sa Helge Loftheim.» i eit intervju med nettstaden Askvoll i utvikling.

Dei har sjølve sagt at dei drøymde om å bli ein attraksjon, som folk ville komme frå både nært og fjernt for å besøke. Det er ingen tvil om at den tanken har dei lukkast med.

Dei tre gründerkokkane har vore bevisste og flinke til å skape merksemd rundt eiga bedrift. Dei får mykje god omtale,men dei er samtidig bevisste på å ha kunden i fokus og å byggje opp kvalitet i alle ledd. Slik byggjer dei også Askvoll sitt omdømme og attraktivitet.

Vi er glade og stolte over å kunne syne at vi set stor pris på bedrifta og den måten dei profilerer kommunen vår på.

 

 

 

 

 

 

 

Publisert av Inger Johanne Helle Breidvik. Ansvarleg Ordførar Frida Melvær. Sist endra 15.12.2016 10:56 av Breidvik, Inger Johanne Helle
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering