Ungdata-undersøking i Askvoll 2017

Logo Ungdata - Klikk for stort bilete

Undersøkinga vert gjennomført 13.03. - 31.03. på skulen for å kartlegge viktige sider ved livsstil og levekåra til ungdom i kommunen.  Ungdommane vel sjølve om dei vil vere med på undersøkinga.

Kort presentasjon av prosjektet

På oppdrag frå Askvoll kommune gjennomfører forskingsinstituttet NOVA ved Høgskulen i Oslo og Akershus og Kompetansesenter rus – region vest Bergen (KoRus Vest Bergen) ei kartlegging av viktige sider ved livsstilen og levekåra til ungdom i kommunen. Undersøkinga gjennomførast på skulen ved at ungdommane svarer på eit spørjeskjema via Internett. Undersøkinga går føre seg i Uke 11: mandag 13. mars - fredag 31. mars, og det tek om lag éin time å svare på alle spørsmåla.

Kartlegginga vert gjennomført som ei Ungdata-undersøking. Dette er eit spørjeskjemaopplegg som norske kommunar bruker for å skaffe seg oversikt over kvardagslivet til og folkehelse- situasjonen blant ungdom i kommunen (www.ungdata.no). Tilsvarande undersøkingar vert gjennomførte ei rekke stadar i landet.

Hensikta med undersøkinga

Hensikta med undersøkinga er å få meir kunnskap om korleis det er å vere tenåring i Askvoll. Resultata skal verte brukte som grunnlag for ungdomspolitikken i åra som kjem, og til å vurdere satsingsområde i det førebyggjande ungdomsarbeidet. Målet er å skaffe til vegar informasjon som kan verte brukt til å betre oppvekstmiljøet i kommunen.

Datamaterialet vil seinare verte lagt inn i ein nasjonal database, saman med data frå tilsvarande ungdomsundersøkingar som er gjennomførte i andre kommunar. Data frå undersøkinga vil også kunne verte brukte i forskings- og utviklingsprosjekt der målet er å få ny kunnskap om oppvekstvilkåra til ungdom.

Undersøkinga omfattar spørsmål om kva ungdom gjer på fritida, og kva slags oppfatningar dei har om seg sjølve og andre. Undersøkinga vil gje svar på mange spørsmål: Kor fornøgde er ungdom i Askvoll med livet sitt – og korleis likar dei seg på skulen, i fritida, saman med vennene og i nærmiljøet? Kva bruker ungdom tida si til når dei ikkje er på skulen? Kor mange er med i idrett og andre organiserte aktivitetar? Korleis opplever dei unge foreldra sine? Er det mange som vert mobba av jamaldra? Kor mange av dei unge har erfaringar med alkohol, tobakk og narkotika? Dette er eksempel på tema som undersøkinga dekker.

Spørjeskjemaet

Spørjeskjemaet er lagt opp slik at ungdomane skal krysse av på ulike svaralternativ. Følgjande hovudtema inngår i undersøkinga:

  1. Foreldre og vener
  2. Skule og framtid
  3. Fritid
  4. Helse og trivsel
  5. Tobakk og rusmiddel
  6. Risikoåtferd og vald

Føresette som ønskjer det, kan få tilsendt heile spørjeskjemaet ved å kontakte KoRus Vest Bergen.

Personvernomsyn og etikk

Ungdomane deltek ved å logge seg inn på ei nettside med eit tilfeldig brukarnamn, som vert utdelt til dei som skal vere med i undersøkinga. Det er ingen koplingar mellom brukarnamn og kven som svarer, og det vert heller ikkje spurt om namn eller personnummer i sjølve spørjeskjemaet. Brukarnamn vert brukte fordi det sikrar at berre dei som får lov til å vere med på undersøkinga, kan delta, og at ingen svarer fleire gonger.

Det er elevane sjølve som avgjer om dei vil vere med eller ikkje, men føresette kan reservere seg mot at deira barn deltek. Føresette som ikkje ønskjer at barnet deira skal delta, må seie frå til skulen før undersøkinga vert gjennomført. For at undersøkinga skal ha størst mogleg verdi, er det ein fordel at så mange som mogleg deltek.

Før undersøkinga vil alle føresette få tilsendt eit informasjonsbrev om undersøkinga. Ungdata vil også informere om undersøkinga på heimesidene sine (www.ungdata.no), og skulane er også oppmoda til å informere om undersøkinga på heimesidene sine.

De fleste spørsmåla i spørjeskjemaet omfattar tema som dei fleste synest er uproblematiske. For nokre kan enkelte spørsmål likevel vere litt vanskelege å svare på. Det vert difor informert om at ein kan hoppe over spørsmål ein ikkje ønskjer å svare på. Det vil også verte opplyst om moglegheita til å ta kontakt med sosiallærar, helsesøster, helsestasjon for ungdom eller Kross på halsen (hjelpetelefonen til Raudekrossen – tlf.: 800 333 21) dersom nokon ønskjer å snakke med vaksne etter å ha svart på undersøkinga.

Alle svara vil verte handsama strengt fortruleg av NOVA, KoRus Vest Bergen medarbeidarar  i Rambøll, som legg til rette for den elektroniske undersøkinga. Ingen i kommunen, korkje lærarar, tilsette i administrasjonen eller andre, vil få tilgang til svar som kan verte brukte til å identifisere kva enkeltpersonar har svart. Resultata vil verte offentleggjorde gjennom statistikk som viser korleis ungdomsgruppa som heilskap eller ulike undergrupper (f.eks. gutar og jenter) svarar.

NOVA er ansvarleg for undersøkinga og bruker Rambøll til å samle inn og oppbevare dataa for analyse. Dei ferdige svara vil verte lagde inn i ein database som NOVA administrerer.

Kontaktinformasjon

Ved ytterlegare spørsmål om undersøkinga, ta kontakt med spesialkonsulent Randi Vartdal Knoff ved KoRus Vest Bergen (55 90 86 32/ randi.vartdal.knoff@bergenclinics.no) eller kommunal kontaktperson for undersøkinga, folkehelsekoordinator Elin Sjøstrand (57 73 46 21/ 90 52 01 26 /  elin.sjostrand@askvoll.kommune.no).

 

Sist endra 17.02.2017 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Elin Sjøstrand

Elin Sjøstrand

Folkehelsekoordinator
Telefon : 57 73 46 21
Mobil : 46 85 48 53
E-post : Send e-post

 

 
 
Login for redigering