Koronaviruset

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

TV-Aksjonen 2020

Klikk for stort bileteTV-aksjonen går av stabelen på søndag 18.oktober og dei digitale bøssene er opne. Her finn du informasjon om korleis du kan bidra.

 

Korleis kan eg gje eit bidrag?

 

Kva går pengane til i år?

TV-aksjonen 2020 er tildelt WWF, og er øyremerka arbeidet dei gjer for å hindre at plast hamnar i verdshava. Midlane skal mellom anna gå til å etablere og betre avfallssystem, samle inn og resirkulere søppel, kutte bruken av unødig plast og gje ei opplæring til elevar og lærar om konsekvensen av plast for helse og miljø.

Bli digital bøsseberer

Grunna koronapandemien blir det ingen dør-til dør aksjon med bøsser for TV-aksjonen i år. Det blir i staden innsamlingaksjon der ein nyttar digitale løysingar.

For å bli digital bøsseberar kan du opprette digital bøsse gjennom Spleis. Måten du kan samle inn pengar på, er å dele lenka til bøssa på sosiale media, e-post, sms og ved å snakke med nettverket ditt og oppfordre dei til å gje pengar i di digitale bøsse. Det er mogleg å betala med Vipps eller bankkort.