Tusen takk for innsatsen i beredskap 19. og 20. september 2018!

ThankYou 1 - Klikk for stort bilete

To samanfallande beredskapshendingar, uavhengig frå kvarandre, kravde ekstra innsats frå både lokale og tverrkommunale tenester natt til 20.september 2018

Kommunen stod overfor ein uvanleg krevjande situasjon når begge samferdsleårane på Fv 609 vart stengte grunna ras og vi i tillegg fekk hendinga med ein havarert båt som stod i full fyr rett utanfor Atløy. Dette i kombinasjon med kraftig vind og store nedbørsmengder på nattestid. Situasjonen vart handtert med imponerande effektivitet, innsats og gjennomføring av tilsette i Askvoll kommune med bistand og samarbeid frå AMK/Helse Førde HF.

Som leiar av krise- og beredskapsleiinga og stab i denne beredskapssituasjonen ønskjer eg spesielt å takke for innsatsen og sende ein virtuell applaus til følgjande etatar og einingar:

  • Helse og omsorg ved kommunalsjef Stein Helle og hans tilsette som var i beredskap for å sikre medisinsk bistand - legar og helsepersonell
  • Askvoll brann- og redningsteneste ved utrykningsleiarane; Audun Strømmen, Nils Ove Vetti og Kjetel Kongshaug. Sistnemnde er og sambandsansvarleg for nødnett for både brann, redning og kommunal kriseleiing i kommunen. Alle i beredskap for brann- og redningstenesta, men dei har og bidrege med sikring av båtar og anlegg m.m. på vegne av befolkninga
  • Teknisk vakt ved Aleksander Ask, som har kontrollert kommunale bygg og anlegg (veg, vatn og avlaup) og sikra lause gjenstandar i løpet av natta
  • AMK/Helse Førde HF og i sær lokalt ambulansepersonell i tillegg til vår uvurderlege ambulansebåt og mannskapet ombord. Dei bidrog med transport av personell og utstyr, og var aktive i redningsaksjonen om den havarerte båten. Utan ambulansebåten i dette scenarioet ville hendelsesforløpet nok vore betydeleg vanskelegare å handtere.
  • Vår lokale ferje "Nordfjordeid" og mannskapet ombord, som bistod i redningsarbeidet rundt den havarerte båten - alltid like rolege og effektive.
  • Helikopterpersonell frå redningsbasen i Florø og skip som låg i området og som kom til havaristen til unnsetning. Eit av skipa er supplyskipet «Havila Subsea».

Alle har bidrege til at heile hendingsforløpet frå første melding kom inn, til beredskapssituasjonen vart oppheva, har gått effektivt, fortløpande og kontrollert. Det har vore ein betydeleg lettare jobb som krise- og beredskapsleiar med slike dyktige kollegaer til å støtte seg på!

Tusen takk for innsatsen!

Fann du det du leitte etter?