Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Koronavaksine  |  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

To ordningar for frivilligheita er no opna for søknader

Frivilligheita - illustrasjon - Klikk for stort bileteLotteri- og stiftelsestilsynet har to ordningar for frivilligheita som no er opna for søknader: momskompensasjonsordninga og ei ny koronaordning
 

1. Momskompensasjonsordninga 

Lotteri- og stiftelsestilsynet ønskjer å nå fleire med ordninga. 

Erfaring frå tidlegare år viser at det finst lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Dette kan vere lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som til dømes Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund.
Merk: Slike såkalla underledd må sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt.

Det er også en del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, til dømes organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar.
 

Minstegrenser

  • For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 100 000 kroner i søknadsgrunnlag (søknadsgrunnlag = driftskostnader minus eventuelle avgrensing og frådrag).

  • Etter dokumentert søknadsmodell er minstegrensa 7 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for.

Søknadsfristen er 1. september 2021.

Merk: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrert i Frivilligregisteret innan 1. september 2021. Dette gjeld og dei som søkjer via sitt sentralledd. Hugs at registrering kan ta litt tid.
 

Meir informasjon

De kan lese meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar på nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet.

 

2. Ny koronaordning for frivillige lag og organisasjonar

Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om tilskot i samband med arrangement og aktivitetar som er påverka av covid-19 pandemien.

Føremålet med ordninga er å stimulere til gjennomføring av arrangement/aktivitet, men den gjeld også dersom ein må avlyse på grunn av restriksjonar eller råd frå myndigheitene i samband med covid-19.

Denne ordninga gjeld for perioden 1. januar til 31. august 2021.
Søkjarar må vere registrerte i Frivilligregisteret.  
 

Kva kan det søkast om?  

  • Støtte til meirkostnader grunna smitteverntilpassingar eller i samband med utvikling/tilpassing av aktivitetar. Dette kan til dømes vere innkjøp av smittevernutstyr, kostnader til leige av større lokale, digitalisering av eksisterande tilbod eller nye aktivitetar som digitale møteplasser.  

  • Støtte til mindreinntekter frå avlyste eller delvis gjennomførte arrangement. Dette kan til dømes vere tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarked eller kioskinntekter.  

  • Mindreinntekter frå anna spesifisert aktivitet avgrensa til publikumsinntekter og utleigeinntekter. Dette kan for eksempel vere museum, akvarium, kinoar eller idrettsanlegg. Utleigeinntekter kan vere utleige av bygningar, anlegg, hytter, fartøy eller andre rom og lokale.    

Søknadsfristen er 15. september 2021.
 

Meir informasjon

Finn informasjon, søknadsskjema og rettleiing om koronaordninga på nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet.   

Spørsmål? 

Ta kontakt med Lotteri- og stftelsestilsynet som forvaltar ordningane: