Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Koronavaksine  |  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Timebestilling koronavaksine

Person som får sett vaksine av helsepersonell - bilete - Klikk for stort bilete  
Det er opna for at dei som er i risikogrupper til og med gruppe 7, samt dei som er  født til og med april 1958 i risikogruppe 8 kan bestille seg time.  
Les vidare i artikkelen kven som er i risikogruppe 5, 6 og 7. Det vert vaksinasjon 17. og 24. juni i Askvollhallen. 

Slik bestiller du time for vaksinering

OBS! Om du har sett deg på venteliste tidlegare, må du likevel logge deg inn og bestille time til vaksinering. 

Følg denne lenka for elektronisk timebestilling (innlogging via BankID gjennom kodebrikke eller BankID på mobil):
 

https://timebestilling.remin.no/askvoll


Du vil få ein sms med stadfesting på bestilt time. 

Er du over 65 år og ikkje har fått tilbod om vaksine, må du kontakte legekontoret på tlf 57 73 46 00. Dette gjeld også dei som ikkje er registrert som innbyggjar i Askvoll kommune, men oppheld seg i kommunen over lenger tid.

Dei som har fått 1.dose, får ei innkalling på sms til timen for siste dose. I sms-en vil det stå informasjon om tid og stad for vaksineringa med 2.dose. 
 

Risikogruppe med underliggande sjukdommar

  • Risikogruppe 5: Alder 55 - 64 år

  • Risikogruppe 6: Alder 45 - 54 år

  • Risikogruppe 7: Alder 18 - 44 år

    Medisinske risikogrupper: 

    • Kronisk nyresjukdom eller betydelig nedsett leverfunksjon

    • Immundempande behandling som ved autoimmune sjukdommar

    • Diabetes

    • Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorlig asthma som har medført bruk av høgdose inhalasjonssteroider eller steroidtablettar siste året

    • Fedme med kroppsmasseindeks på 35 kg/m2 eller høgre

    • Demens

    • Kroniske hjarte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk)

    • Hjerneslag​​​​
       

Aldersgrupper utan underliggjande sjukdom

  • Aldersgruppe 8: alder 55 - 64 år 

  • Aldersgruppe 9: alder 45 - 54 år  

  • Aldersgruppe 10: alder 18 - 24 år og 40 - 44 år  

  • Aldersgruppe 11: alder 25 - 39 år 
     

Venteliste

Er du ikkje i den prioriterte gruppa, vil du framleis kunne logge deg inn i den elektroniske løysinga. Du får då tilbod om å registrere deg på venteliste. Vi ber alle som ynskjer vaksina om å registrere seg. Ventelisten gjev kommunen berre eit anslag på kor mange som ønskjer seg vaksine i dei ulike gruppene. Ver merksam på at du difor framleis må bestille time når det er din tur.

Når du registrerer deg på venteliste, må du svare på nokre spørsmål om ev diagnose(-ar) du har. Ut i frå alder og diagnose vert det definert i kva risikogruppe du kjem inn under. 
 

Askvoll legesenter

Telefon : 57 73 46 00
E-post : Send e-post