Finn viktig informasjon om:

 

Tiltak for hente inn etterslep på mangelfull skorsteinsfeiing i kommunen


Askvoll kommunestyre vedtok 28.02.2022 tiltak for hente inn opparbeidd etterslep på planlagt og gjennomført feiing av skorsteinspiper i kommunen. 


 

Brannførebygging i Askvoll og Sunnfjord kommunar (som er det nye namnet på feietenesta) har alt no i mars utført feiing av nær 200 av skorsteinane som det hasta mest med ut frå risikovurdering av brannfare, og vil følgje opp med vidare feiing ut over i året.
 

Kommunen har vidare som kompensasjon for huseigarar som er sett opp med årleg feiing, og i mange tilfeller ikkje har fått denne tenesta siste åra, vedteke at desse skal få fritak for feiegebyret ut 2022. Dette gjeld kring 200 eigedommar med 220 skorsteinar. I praksis medfører dette at gebyrlina «årleg feiing» er fjerna på tilsendt faktura pr. i dag. Vi understrekar at dette berre gjeld dei som er oppført med årleg feiing. Huseigarar med oppført med to år og lengre feieintervall og feiegebyr har i hovudsak fått utført feiing til rett tid, og får difor ikkje fritak for feiegebyret.


Sjå vedtaket frå kommunestyret her


For eventuelle spørsmål, ta kontakt med brannsjef Bernhard Øberg.

Til: 95 98 96 01

E-post: bernhard.oberg@sunnfjord.kommune.no