Tilskot til kulturbygg - Søknadsfrist 31. mars

Holmedal Bygdehus.jpg - Klikk for stort bilete

 Vi minner om at fristen for å søkje om tilskot til kulturbygg er 31. mars.

Tilskot til kulturbygg

Ordninga vert forvalta av fylkeskommunane, og føremålet er å medverke til eigna lokale, bygg og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Tilskot kan bli gitt til kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst.

Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygg, men ikkje til vedlikehald eller drift. Tilskotet kan utgjere inntil 1/3 av godkjente prosjektkostnadar for kulturbygget.

Søknad

Søknadar om tilskot til kulturbygg skal leverast elektronisk til Askvoll kommune innan 31.mars.

Trykk her for å gå til søknadsskjema =>

Retningslinjer og meir informasjon om ordninga finn du her =>

Publisert av Kjetil Rørstad Nordvik. Sist endra 15.01.2018 12:46
Fann du det du leitte etter?