Tilskot til drenering av jordbruksareal

Drenering - Klikk for stort bilete

Askvoll kommune har fått tildelt kr. 130 000 i tilskot til drenering av jordbruksareal i 2017.

Det er ikkje søknadsfrist, så søknader kan sendast inn fortløpande fram til 15. oktober til Landbruksforvaltninga i Askvoll og Fjaler. Ved søknaden må det leggast med kart der grøftene er innteikna.

Tilskotet er avgrensa til kr. 1000,- pr dekar ved systematisk grøfting, profilering og omgraving. Ved anna grøfting vert det gjeve kr. 15 pr meter grøft avgrensa til kr. 1000 pr. dekar.

Tilskot kan ikkje gjevast dersom tiltaket er påbegynt før søknaden er innvilga.

Søknaden skal innehalde plan for drenering av arealet, samt kart og miljødokumentasjon.
Les meir om ordninga på nettsida til Landbruksdirektoratet

 

Skjema for: Søknad, Plan, Miljøvurdering>

Sist endra 10.03.2017