Tilbod om sorggruppe - til deg som har mista ein nærståande

Animert bilete av ei kvinne som held rundt ein liten gut. Biltet viser òg same tekst som i artikkelen. - Klikk for stort bilete

Dette er ein stad der du kan dele tankar og erfaringar med andre i liknande situasjon.

Med føresetnad om nok påmelde vil vi starte opp gruppe 27. februar. Det vil vere seks samlingar, der gruppa møtast kvar andre veke.

Tilbodet er gratis også for innbyggjarar i andre kommunar. Det er avgrensa tal plassar.

Stad:

Førdehuset, Angedalsvegen 5, Førde.

Klokka:

18.30 - 20.00

Påmeldingsfrist:

16. februar 2024

Påmelding eller spørsmål:

Berit Ullebust, kreftkoordinator
Sunnfjord kommune
Telefon: 948 24 254
E-post: berit.helen.ullebust@sunnfjord.kommune.no

Anita Øvreås Rusken, diakon
Kyrkjene i Sunnfjord
Telefon: 900 68 514
E-post: anita.rusken@sunnfjordkyrkja.no

Ta gjerne kontakt for meir informasjon.