Tid og stad for førehandsrøysting

Klikk for stort bilete

Måndag 9.september 2019 vert det halde kommunestyre- og fylkestingsval. Veljarar som ønskjer å røyste på førehand, kan gjere dette i tidsrommet frå 12.august til og med 6.september 2019.

 

Førehandsrøysting

I Askvoll kommune kan du røyste på førehand på rådhuset i Askvoll måndag-fredag
mellom kl.08:00 - 15:00.
 

Det vil òg vere høve til førehandsrøysting på laurdag 31.august frå kl.11:00 til kl.14:00.
 

Hugs legitimasjon når du skal røyste. Du treng ikkje valkort for å røyste, men det gjer registrering av røystegjevinga di enklare om du tek det med.
 

Heimerøysting (ambulerande røystemottaking)

Dersom du grunna sjukdom eller uførleik ikkje kan møte opp i vallokalet på valdagen eller røyste på førehand på anna vis, kan du be om å få førehandsrøyste heime eller der du oppheld deg.
 

Frist for å be om å førehandsrøyste til ambulerande røystemottakar er sett til onsdag 4.september kl.13:00. Ta kontakt med Askvoll kommune for å gjere avtale ved å ringe 57 73 07 00, eller send oss e-post på postmottak@askvoll.kommune.no.

 

Meir informasjon om valet finn du her.

 

Ole André Klausen
Leiar i valstyret  

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Ole André Klausen

Ordførar
Telefon : 57 73 07 02
Mobil : 48 03 72 85
E-post : Send e-post

 

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post