Frå 1.januar 2021 tek Sunnfjord Miljøverk (SUM) over faktureringa av renovasjonsgebyret samt gebyret for private septiktankar/minireinseanlegg/slam. Dei som er tilknytt kommunalt kloakkanlegg vil framleis få faktura frå kommunen. Første faktura vil de motta i februar.
Kva vil det bety for deg som abonnent?
-
De vil få ein eigen faktura for renovasjon og eventuelt slam direkte frå SUM
-
Dersom de har spørsmål til faktura kontakt SUM
-
Dersom de ønsker å endre renovasjonsabonnement/dunkstørrelse ta kontakt med SUM
Endringar i renovasjon- og gebyrforskrifta
Det vil komme endringar i renovasjonforskrifta som vil medføre endringar i gebyret for enkelte abonnentar. Desse vil få brev tilsendt med meir innformasjon om kva endringa inneber.
Dei største endringar vil gjelde:
-
for dei som har dunksamarbeid
-
reduksjon grunna einsleg i eigen bustad
-
reduksjon grunna lang trilleveg for dunk
-
fritidsbustadar med både rest- og papirdunk
Elles vil det vere generell auke i gebyret for alle.
På heimesida www.sum.sf.no kan de finne web-skjema for ein del endringar/søknadar.
Førespurnader i samband med renovasjon/gebyr:
Andre førespurnader: