Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Timebestilling koronavaksine  |  Status vaksinering 
|  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Strengare nasjonale tiltak frå 25.mars 2021

Illustrasjonsbilete - Klikk for stort bileteFoto frå Folkehelseinstituttet
Grunna smittesituasjonen i Norge innfører regjeringa strengere nasjonale tiltak. Tiltaka trer i kraft frå midnatt, natt til torsdag 25.mars og vil gjelde inntil vidare. Karantenehotell gjeld frå og med måndag 29.mars. Det vert gjort ei ny vurdering innan 12.april.  
 

Nye nasjonale tilrådingar og reglar

På helsenorge.no finn du oversikt over dei nye anbefalingane og reglar: 

Pressemelding frå regjeringa

 

Lokale tiltak

Askvoll kommune har per no ikkje strengare tiltak enn dei nasjonale. Kommunen må likevel reagere raskt dersom det vert større endringar i lokalt smittebilde, og vil då kunne iverksette eigne lokale tiltak. Smitte spreier seg ved reiseaktivitet og sosial kontakt. Askvoll kommune har ingen smittetilfelle i skrivande stund. Smittevernlegen vil difor gjenta følgjande frå dei nasjonale råda: 

"Det aller viktigste er at vi denne påsken reiser så lite som mulig og møter så få som mulig for å hindre at smitten sprer seg." 

Ver merksam på at avstandskravet er endra frå ein til to meter.  

Dersom du likevel må reise, hugs følgjande: 

  • Er du på besøk frå annan kommune med strengare lokale tiltak, er tilrådinga at du følger dei gjeldande reglane i din heimkommune også når du er i Askvoll kommune.

  • Er du frå Askvoll kommune og besøker annan kommune med strengare lokale tiltak, må du følgje desse.
     

Rådhuset vert stengt for publikum

Frå og med 25.mars 2021 og inntil vidare vert rådhuset i Askvoll stengt for publikum. Tilsette vil jobbe frå heimekontor.