Strandrydding i mai - vinn fine premiar

Den nasjonale strandryddedagen er i år laurdag 5. mai.

Bilde marint herrelaust søppel - Klikk for stort bilete

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane oppmodar alle skular, barnehagar, lag og organisasjonar til å arrangere strandrydding og bli med i Kystlotteriet i veke 18. Den nasjonale strandryddedagen er i år laurdag 5. mai.

Men de kan sjølvsagt rydde andre veker også. Særleg ved kysten er det fint å rydde før fuglane startar hekkinga.

Naturvernforbundet deler ut både lokale, regionale og nasjonale premiar, opplevingar til alle (både lag og enkeltpersonar) og pengepremiar til grupper, til dømes klassar som samlar pengar til klassetur.

Ta kontakt med Sunnfjord Miljøverk (SUM), som veit kor hen de kan hente sekkar og lodd, og kor de kan levere avfallet etterpå. Her står det korleis de gjer det:

http://www.sum.sf.no/strandrydding/

Fann du det du leitte etter?