Støttekontakt / treningskontakt i Askvoll kommune

Klikk for stort bileteYnskjer du å være støtte-/ treningskontakt?

 

 

Ein støtte- eller treningskontakt er ein person som etter avtale med kommunen gjev andre assistanse, støtte og oppfølging på fritida. Støtte- og treningskontaktar får løn for å utføre oppdrag i forhold til ein enkelt person eller ei gruppe. Personar eller familiar, som på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale vanskar treng hjelp til å få ei aktiv fritid, kan søkje kommunen om denne tenesta.
 

Kunne du tenke deg å være støtte- eller treningskontakt i Askvoll kommune, eller ynskjer du å vete meir om kva det inneber? I så tilfelle er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med sosialkonsulent Håvard Yndestad på telefon 57 73 45 13 for ein uforpliktande prat.

Fann du det du leitte etter?