Finn viktig informasjon om:

 

Stolpejakten 2022

Stolpejakten er eit lågterskel aktivitetstilbod som passar for alle og som er gratis å vere med på. 

Kva er Stolpejakten?

Stolpejakten går ut på å finne stolpar som er plassert ulike plassar i nærmiljøet i i terrenget. Nokre stolpar er lette å finne, medan andre er meir vanskeleg. Stolpane kan vere på kjente tur- og trimløyper eller til flotte utsiktspunkt eller andre stadar. Stolpejakten er eit gratis folkehelsetiltak med mål om å bidra til auka fysisk aktivitet og som alle kan vere med på. 

Korleis bli med? 

Stolpane kan du registrere både på papir, på nett eller på ein applikasjon. For å registre elektronisk må ein opprette ein konto. Det gjer du ved å registrere deg på nettsida til stolpejakten.no.

Korleis skjer sjølve registreringa?

På kvar stolpe er det både ein bokstavkode og ein QR-kode. For manuell registrering noterer ein koden rett på kartet, som seinere sendast inn. For elektronisk registrering brukar du anten Stolpejakten-appen for å skanne QR-koden, eller plottar koden inn på din konto på Stolpejakten sida. 

Det første du treng for å vere med er kartet der stolpeplasseringane er markert. Vi har fysiske kart som du kan skrive ut sjølv frå nettsida, eller kan få frå kommunen. Det enklaste er likevel å laste ned Stolpejakten-appen. Med denne kan du skanne QR-koden med mobilkameraet og stolpane er registrert. 

Når du er registrert kan du følgje din eigen progresjon og nivå. Du kan også få ulike merker. Har du til dømes sjekka inn på fem stolpar over 900 m får du eit fjellmerke. Du vel sjølv kor mange stolper du ønskjer å finne, men det er kjekt å ha oversikt over korleis ein ligg an.

Korleis bruke appen? 

Når du går ut på stolpejakt, opnar du kartet ditt på appen. Der kan du sjå din eigen posisjon som ein blinkande prikk på kartet. Du får og opp «pins» i ulike fargar. Desse viser kvar stolpane er plassert i terrenget. Fargane indikerer kor vanskelege dei ulike stolpane er å finne. Gå i retning av den første pinsen. Når du finn den, skannar du QR-koden som står på stolpen med kameraet ditt. Gratulerer, du har no funnet din første stolpe!

Fargekodar på stolpane

Stolpene har ulike vanskelegheitsgrader:
GRØN – veldig enkel 
BLÅ – enkel
RØD – medium
SVART – vanskeleg

Stolpar i Askvoll og Fjaler

Det blir fem ulike områder i 2022. Løypene i Rivedal og Holmedal har flest grøne stolpar og vil passe fint for dei aller fleste. Så er mange stolpar med fin variasjon i Kvammen. Der er det enkle stolpar frå utgangspunktet på Høgda og rundt Kvammen Kapell, men og meir utfordrande stolpar heilt opp til Hengenipa. På Atløyna startar ein med utgangspunkt frå Herland og det er heile 15 stolpar i alle vanskelegheitsgrader. I Staveneset er det stolpar som går like til toppen av Høgeheia med det passande namnet «Panoramaen». I Fjaler blir det plassert ut 14 stolpar på Straumsneset rundt 1. juli. 

Stolpar andre stader

På Stolpejakten.no og på appen kan du finne oversikt over stolpar andre stader i fylket og elles i landet. Til saman er det sett ut 12 586 stolpar i Noreg. Når du registrere stolpar kan du og bli med i trekning av premiar. 

Arrangørar 

Stolpejakten blir arrangert av Askvoll og Fjaler kommune saman med Kvammen IL og Førdefjorden Vel, Atløy IL ved Fjelltrimgruppa, AHIL ved Trimgruppa, Holmedal Velforeining, Rivedal Grendalag og Straumsnes grendelag. 

Arve Åsnes

Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
Telefon : 57730727
Mobil : 41553275
E-post : Send e-post