Stikk UT! er felles turtrim og turregistrering for medlemskommunane til Fjordane friluftsråd. I tillegg til Askvoll vil det vere turar i Kinn, Stad og Stryn kommune vinteren 24-25. Ein kan og finne Stikk UT! turar i Møre og Romsdal ei rekke andre friluftsråd i landet, slik at det er mogleg å finne og registrere flotte turmål om ein er på reise.
For vintersesongen er det valt ut 7 turar tilpassa ulike nivå i Askvoll. Dei fleste turane vil vere tilgjengelege med gode vintersko, og eventuelt broddar om det skulle vere glatt. For nokon av turmåla kan vere enklast med truger om det skulle komme ei periode med mykje snø. Vurder alltid ver og føreforhold før turar på vinteren.
Gratis og for alle
Å delta på Stikk UT! er gratis for alle og passar for alle. Alt ein treng å gjere er å laste ned Stikk UT! appen til telefonen frå «App Store» eller «Google Play». Nå appen er lasta ned kan du registrere deg, og så er det berre å finne ein tur og snøre skoa.
I appen kan ein finne turar, og på kvart turmål er det ein kode ein kan registrere i appen. Om ein tilet appen å nytte GPS kjem koden inn automatisk når ein er ved turmålet, slik at det berre er å trykke registrer.
I appen er det og turlogg der ein kan sjå dei turane ein har vore på. Vidare er det statistikk og topplister for turmåla og kommune. Om ein ikkje ønsker å stå på topplistene kan ein velje å delta anonymt.
Klar, ferdig, Stikk UT!
Stikk UT! vert arrangert av Fjordane Friluftsråd i samarbeid med grunneigarar, lokale eldsjeler og Askvoll kommune. Gjennom dette samarbeidet ønskjer vi å legge til rette for flotte naturopplevingar for store og små, også i vinterhalvåret.
Saman ynskjer vi deg velkommen på tur i vinter. Vurder ver og føreforhold, og vis omsyn til natur og dyreliv.
Første sesong av Stikk UT! vinter startar i Askvoll 1. desember. Bli med du og!
Meir informasjon finn du på StikkUT sine sider.