Spelemidlar: søknader 2017 og kurs i søknadsskriving

I 2017 er det sendt inn 10 spelemiddelsøknader frå Askvoll kommune med ein samla søknadssum på 4,4 mill. kroner   

100% godkjend!

Kommunen har fått melding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune at alle søknader er godkjend, og i mai/juni vil vi få endeleg tilbakemelding om korleis tildelinga vert.

Utbygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet i Askvoll kommune vert i stor grad gjort i privat regi gjennom finansiering av spelemidlar og private midlar. Anleggsutviklinga illustrerer høg tiltakslyst og investeringsvilje hos lag og organisasjonar i kommunen. For 2017 er den samla godkjende totalkostnaden for dei omsøkte prosjekt på kr. 13,5 mill. og den totale dugnadsinnsatsen utgjer kr. 2,9 mill.

7 av dei 10 spelemiddelsøknader er frå Bulandet IL v/bassengnemnda til symjehallen som er under utbygging i Bulandet. Anlegget vert eit fleirbruksanlegg med svømmebasseng, klubbhus, treningsrom, båthus og flytebrygge for kajakk og utvendig klatrevegg. Bassengnemnda og frivillige jobbar intenst med anlegget, og opninga er planlagd i sommar. Du kan følgje anleggsutbygginga på laget si facebooksida >

Kommunestyret har sett spelemiddelsøknaden til innandørs skytebane på Helleset på første plass, og det inneber at dette anlegget skal vere prioritert for tildeling frå spelemidlar i 2017.

Saksutgreiing med kommunestyret si prioritering av spelemiddelsøknader for 2017 >

Oversikt spelemiddelsøknader 2017:
Anlegg Søkjar Godkjend kostnad Godkjend søknadssum Godkjend dugnad
Innandørs skytebane Helleset (25m.) Askvoll og Holmedal skyttarlag kr. 2 544 042 kr. 848 000 kr. 717 355
Bulandet symjehall - Klubbhus/møterom Bulandet IL v/bassengnemnda kr. 1 177 000 kr. 389 000 kr. 194 000
Bulandet symjehall - klubbhus/lager Bulandet IL v/bassengnemnda kr. 495 000 kr. 164 000 kr. 120 000
Bulandet symjehall - båthus for kajakk Bulandet IL v/bassengnemnda kr. 711 000 kr. 236 000 kr. 365 000
Askvollmarka o-kart - revisjon AHIL v/trim- og orienteringsgruppa kr. 162 000 kr. 54 000 kr. 16 000
Bulandet symjehall - treningsrom Bulandet IL v/bassengnemnda kr. 2 517 000 kr. 700 000 kr. 639 000
Kunstgrasbane Atløy stadion Atløy IL kr. 4 707 000 kr. 1 570 000 kr. 457 055
Bulandet symjehall - flytebrygge for kajakk Bulandet IL v/bassengnemnda kr. 476 020 kr. 159 000 kr. 149 668
Bulandet symjehall - utvendig klatrevegg Bulandet IL v/bassengnemnda kr. 609 710 kr. 300 000 kr. 257 034
Bulandet symjehall - lyssetting til klatrevegg Bulandet IL v/bassengnemnda kr. 100 700 kr. 50 000 kr. 8 295

Kommunalt tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Frå og med 2016 har Askvoll kommune innført ei ny kommunal ordning for støtte til utbygging og rehabilitering av private anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Ordninga er knytt opp mot ordninga for spelemidlar. Lag og organisasjonar som oppfyller krava til å kunne søkje spelemidlar, kan få tilskot til sine prosjekt frå den kommunale ordninga.

I 2017 har kommunestyret løyvd kr. 75.000 til klubbhus/møterom i Bulandet symjehall, og kr. 75.000,- til klatrevegg i same anlegget. I 2016 fekk innandørs skytebane på Helleset, og leirduebana på Skorva begge tildelt kr. 75 000 frå ordninga.

Rekordhøg søknadssum

Fylkeskommune har i år motteke 339 søknader om spelemidlar i Sogn og Fjordane, med ei samla førebels søknadssum på 218,6 mill. kroner.  

Pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune: "Rekordhøg søknadssum om spelemidlar" >

Kurs i søknadsskriving

Planlegg de å søkje tilskot frå spelemidlar i 2018?

Laurdag 1.april arrangerer Sogn og Fjordane fylkeskommune spelemiddelkurs for idrettsanlegg og kulturbygg. Kurset vert halde på Skei frå kl.10:00 - 16:00. Andre relevante tilskotsordningar vert òg presentert på samlinga.

Meir informasjon om kurset kjem seinare.

 

Bulandet symjehall under utbygging. Planlagd ferdigstilling er sommaren 2017. Foto: Laila M. Blom  - Klikk for stort bilete

Publisert av Jeroen van Gangelen. Sist endra 03.03.2017 13:25
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post