Sommarles 2019

Det vert Sommarles på biblioteket for alle frå 1. til 7.trinn i år og

Også i år kan du som går i 1. til 7.klasse delta på Sommarles på Askvoll  bibliotek!  OBS! 6-åringar som skal ta til i skulen hausten 2019 kan også vere med.


Dette er nok verdas kulaste lesekampanje.  Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

Registrer deg her

For kvar bok du les og registrerer på Sommarles.no, får du XP (poeng) og går etter kvart opp i level.

Sommarles er for alle, uansett kor fort eller sakte du les. Du kan velje å lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriebøker, eller du kan få nokon til å lese høgt for deg – all lesing tel og gir deg XP. Og sjølvsagt har vi stilige premiar! Du kan få både kule digitale trofé til profilen din på nettsida, og premiar som du hentar på biblioteket.

Sommarles er ein nettbasert kampanje. Det vil seie at du lagar ein egen profil, registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og følger med på kva vennene dine les, alt på nettsida Sommarles.no . Her får du også tilgang til ei superspennande forteljing, skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Sjekk ut altom.sommarles.no (eller Sommarles.no etter den 1.juni) for meir info.

Kodeord:

Kapittel 1: Nordlyset
Kapittel 2: Noaide
Kapittel 3: Reinsdyr
Kapittel 4: Mobil
Kapittel 5:
Kjem måndag 1. juli
 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Linda Strand

Biblioteksjef
Telefon : 57 73 33 34
E-post : Send e-post