Søk tilskot til tiltak mot marin forsøpling

Klikk for stort bileteRydding i Sørværet - foto: Ask Bjørshol - Sustainable Vagabonds/Kystlotteriet 
No kan du søkje Fjordane friluftsråd om tilskot for tiltak i vinter eller kommande vår/sommar for eit reinare hav. 

Kva kan vi søke om?

  • Prosjekt med føremål å førebygge marin forsøpling, t.d. informasjonskampanjar, utvikling av rettleiingsmateriell retta mot spesifikke grupper. 

  • Opprydding av marint avfall

    • koordinering av ryddeaksjonar

    • transport og innlevering av avfall til godkjent mottak etter opprydding, inkl. eigarlause kasserte fritidsbåtar 

    • transport av frivillige til og frå ryddeområdet 

    • leige av utstyr 
       

Kven kan søkje tilskot?

  • Stiftingar registrert i enhetsregisteret, frivillige og ideelle organisasjonar

  • private verksemder som ikkje er enkeltpersonføretak

  • Sjølvstendige kommunale/interkommunale selskap og samarbeidsorgan

  • t.d. foreining, lag, skuler, korps, idrettslag, avfallsselskap, m.m. 


Korleis kan vi søke? 

Det er Fjordane friluftsråd som forvaltar motivasjonsmidlane frå Miljødirektoratet for aktivitet og arbeid mot marin forsøpling i våre lokalområde. 

Ein søknad om støtte skal sendast direkte til Fjordane friluftsråd på e-post til johannes@friluftsrad.no eller per post til Fjordane Friluftsråd, Kommunehuset, pb. 73,  6924 Hardbakke.  

Her finn du nærare informasjon om ordninga, m.a. kva informasjon søknaden skal innehalde: 

Tilskotet vert delt ut fram til 01.mars 2021. 
 

Kontaktinformasjon

For spørsmål om ordninga, ta kontakt med: