Søk tilskot til kulturbygg

Foto av Holmedal bygdehus - Klikk for stort bileteHolmedal Bygdehus Anita Søreide
Er du med i ein organisasjon som driv eit kulturbygg i Askvoll kommune? Innan 15.mars 2021 kan du søkje om støtte frå ordninga Tilskot til kulturbygg i Vestland.
   
 

Kva kan vi søkje tilskot til?

Tilskotsordninga skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Ordninga er finansiert av spelemiddelordninga, og vert forvalta av Vestland fylkeskommune.

Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift. Tilskotet kan utgjere 1/3 del av godkjende prosjektkostnader for bygget.


Kven kan søkje?

Frivillige lag og organisasjonar, kommunar og fylkeskommune kan søkje på ordninga. Andre lag, organisasjonar og selskap kan også søkje, avhengig av vedtektene til laget. Spelemidlar skal ikkje gjerast om til forteneste for private fortenestebaserte aktørar.
 

Søknadsfrist og -skjema

Søknaden skal registrerast elektronisk innan 15.mars 2021 på anleggsregisteret.no.

Dersom kulturbygget ikkje har eit anleggsnummer i anleggsregisteret, må du ta kontakt med kommunen for å opprette det. Kontaktperson er rådgjevar Jeroen van Gangelen

For å kunne søkje tilsktot frå ordninga, må organisasjonen som eig kulturbygget vere registrert i Enhetsregisteret. Du treng ein av innloggingsalternativa til ID-porten for å logge inn i søknadssystemet.

På fylkeskommunen sin nettside finn du meir informasjon om ordninga, kva vedlegg som skal følgje søknaden og vilkår for tilskot:


Kommunal sakshandsaming

Kommunen handsamar søknadene, og vidaresend dei til fylkeskommunen innan 30.april. Når det ligg føre fleire søknader frå Askvoll kommune, må kommunestyret vedta ei prioritering av søknadene. I så fall vert det handsama av kommunestyret i møtet den 25.mars.

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post