Kva kan vi søkje tilskot til?
Tilskotsordninga skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Ordninga er finansiert av spelemiddelordninga, og vert forvalta av Vestland fylkeskommune.
Tilskot kan gjevast til kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst. Tilskot kan og gjevast til etablering av livssynsnøytrale seremonirom.
I Askvoll kommune har Værlandet ungdomshus, Holmedal Bygdehus og Askvoll samfunnshus fått tilskot frå ordninga.
Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygg, men ikkje til vedlikehald eller drift. Tilskotet kan utgjere 1/3 del av godkjende prosjektkostnader for bygget.
På vestlandfylke.no finn du nærare informasjon om ordninga og krav til søknaden
Retningsliner for ordninga tilskot til Kulturbygg Vestland på vestlandfylke.no
Kven kan søkje?
Frivillige lag og organisasjonar, kommunar og fylkeskommune kan søkje på ordninga. Andre lag, organisasjonar og selskap kan også søkje, avhengig av vedtektene til laget. Spelemidlar skal ikkje gjerast om til forteneste for private fortenestebaserte aktørar.
Korleis kan vi søkje?
Søknaden skal registerast elektronisk innan 14.mars 2022 på anleggsregisteret.no.
Gå til søknadsskjema for tilskot til kulturbygg Vestland 2022
Du treng ein av innloggingsalternativ til ID-porten for å logge inn i søknadsskjemaet. For å kunne søkje tilskot frå ordninga, må organisasjonen som eig kulturbygget vere registrert i Enhetsregisteret.
Dersom kulturbygget ikkje har eit anleggsnummer i anleggsregisteret, må du ta kontakt med kommunen for å få opprette det. Kontaktperson er Jeroen van Gangelen:
Om handsaming av søknaden
Kommunen handsamar søknadene, og sender dei vidare til fylkeskommunen innan 30.april. Når det ligg føre fleire søknader frå Askvoll kommune, må kommunestyret vedta ei prioritering av søknadene. I så fall vert det handsama av kommunestyret den 25.mars 2022.