Finn viktig informasjon om:

 

Søk tilskot til kulturaktivitetar - Askvoll kommune

Askvoll kommune har to tilskotsordningar for kulturaktivitetar: Kulturmidlar og Ung i Askvoll-midlar.

Kulturmidlar

I 2022 er det kr. 60 000 til fordeling. Før sommaren vart kr. 42000 av desse midlane fordelt. 
Dei resterande kr. 18 000 kan no søkjast på fortløpande fram til midlane er fordelt. 

Kven kan søkje?
Frivillige lag/organisasjonar og einskildspersonar heimehøyrande i kommunen, som lagar til aktivitetar innanfor tradisjonelt kulturarbeid (t.d. teater, musikk, dans, film), barne- og ungdomsarbeid, idretts- og andre aktivitetar. 

Slik søkjer du
Søknad om kulturmidlar må sendast elektronisk. 

Gå til søknadsskjema for kulturmidlar

For meir informasjon, sjå retningsliner for ordninga kulturmidlar.  (PDF, 415 kB)


Ung i Askvoll-midlar

Askvoll ungdomsråd fordeler årleg tilskot frå ordninga "Ung i Askvoll". I 2022 har ungdomsrådet 15 000 kr. til fordeling. Det kom ikkje inn søknader etter utlysinga før sommaren og det er framleis kr. 15 000 kr. att i potten som no vert lyst ut. 

Kven kan søkje?
Ungdom mellom 13 og 20 år frå Askvoll kommune, både einskildpersonar og grupper. Det kan søkjast om støtte til musikk, teater/film, kurs og fritidsaktivitetar, m.m. Midlane skal søkjast av ungdom og vere for ungdom. 

Slik søkjer du
Søknad om tilskot frå ordninga "Ung i Askvoll" skal sendast elektronisk innan 18. november 2022. 

Gå til søknadsskjema for Ung i Askvoll-midlar

For meir informasjon, sjå retningsliner for ordninga Ung i Askvoll.  (PDF, 12 kB)

Søknadane vert handsama av Askvoll ungdomsrådet i møte den 28. november. 
 

Helene Norstrand

Rådgjevar
Telefon : 57730711
E-post : Send e-post