Søk tilskot frå kulturminnemidlar 2022No kan du søkje tilskot til lokalt kulturminnearbeid. Søknadsfrist er 1. oktober 2022. Kven kan søkje? Alle som driv med kulturminnearbeid i Askvoll kommune kan søkje støtte frå ordninga: private eigarar og forvaltarar av kulturminne i kommunen. Eigarar og forvaltarar kan vere privatpersonar, stiftingar, frivillige organisasjonar og liknande. Privatpersonar, kommunale organisasjonar, frivillige lag og organisasjonar og andre lokale organ som driv med formidling av kulturminne. Kva kan du søkje støtte til? Du kan søkje tilskot frå kulturmidlane til: Formidlingsprosjekt (kurs, opplæring, informasjon og liknande) Tiltak som restaurering, vedlikehald, bevaring og utvikling av kulturminne. Kulturminne og tiltak som er del av gjeldande kulturminneplan for Askvoll kommune vert prioritert. Last ned kulturminneplan for Askvoll kommune 2019 - 2023 (PDF, 3 MB) Slik søker du Frist for å søkje støtte frå kulturminnemidlar er 1. oktober 2022. Søknaden skal sendast: per e-post til postmottak@askvoll.kommune.no per post til Askvoll kommune, Pb. 174, 6988 Askvoll via eDialog (mer: det er berre pdf som er godkjent filformat for vedlegg) Retningsliner for tilskotsordninga Retningsliner for kulturminnemidlar Relevante lenker: Om kulturminne Publisert 05.07.2022 12.48 Sist endra 05.07.2022 12.57