Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Koronavaksine  |  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Søk tilskot frå kulturminnemidlar 2021

No kan du søkje tilskot til lokalt kulturminnearbeid. Søknadsfrist er 1.oktober 2021

 

Kven kan søkje?

Alle som driv med kulturminnearbeid i Askvoll kommune kan søkje støtte frå ordninga:

  • private eigarar og forvaltarar av kulturminne i kommunen. Eigarar og forvaltarar kan vere privatpersonar, stiftingar, frivillige organisasjonar og liknande.

  • Privatpersonar, kommunale organisasjonar, frivillige lag og organisasjonar og andre lokale organ som driv med formidling av kulturminne. 


Kva kan du søkje støtte til? 

Du kan søkje tilskot frå kulturmidlane til: 

  • Formidlingsprosjekt (kurs, opplæring, informasjon, og liknande).

  • Tiltak som restaurering, vedlikehald, bevaring og utvikling av kulturminne

Kulturminne og tiltak som er del av gjeldande kulturminneplan for Askvoll kommune vert prioritert. 


Slik søker du

Frist for å søkje støtte frå kulturminnemidlar er 1.oktober 2021

Søknaden skal sendast: 


Retningsliner for tilskotsordninga

Retningsliner kulturminnemidlar

Vedtatt i KOM-sak 011/20

§ 1 Formål

Tilskot frå kulturminnemidlar skal støtte lokalt kulturminnearbeid.
 

§ 2 Målgruppe

Alle som driv med kulturminnearbeid i Askvoll kommune kan søkje støtte frå ordninga:

  • Private eigarar og forvaltarar av kulturminne i kommunen. Eigarar og forvaltarar kan vere privatpersonar, stiftingar, frivillige organisasjonar og liknande.

  • Privatpersonar, kommunale organisasjonar, frivillige lag og organisasjonar og andre lokale organ som driv med formidling av kulturminne.


§ 3 Økonomiske rammer

Den økonomiske ramma for ordninga vert handsama årleg i ordinær budsjetthandsaming.

§ 4 Ein kan søke støtte til:

  • Driftstilskot til bygdemusea 25 prosent av den økonomiske ramma for kulturminnemidlane vert etter søknad fordelt som driftstilskot til bygdemusea mot at det ligg føre ein aktivitetsplan for året tilskotet gjeld.

Utanom det kan det søkjast om tilskot frå kulturminnemidlane til:

  • Formidlingsprosjekt (kurs, opplæring, informasjon, og liknande).

  • Tiltak som restaurering, vedlikehald, bevaring og utvikling av kulturminne
     

§ 5 Kriteria for tildeling:

  • Kulturminne og tiltak som er del av gjeldande Kulturminneplanen for Askvoll kommune vert prioritert. Prioriterte område i gjeldande kulturminneplanen er fortidsminne, bygningar og industrihistoria.

  • Det vert vurdert som positivt dersom kulturminnet er tilgjengeleg eller synleg for allmenta


§ 6 Kunngjering, søknadsfrist og handsaming av søknader

Det er to søknadsfrister for ordninga:

Søknadsfrist for driftstilskot til bygdemusea nemnd over er 15.februar. Dei bygdemusea vil få tilsendt skriftleg kunngjering frå administrasjonen.

For støtte formidlingsprosjekt og tiltak som restaurering, vedlikehald og bevaring av kulturminner er søknadsfristen 1. oktober. Seinast 1 månad før denne fristen vert ordninga kunngjort i lokalavis og på Askvoll kommune sin nettside og facebookside.

Administrasjonen ved rådmannen vurderer søknadene ut frå vedtekne retningsliner og gjev løyve om tilskot innanfor budsjettert rammar.


§ 7 Krav til søknaden

Søknaden skal sendast skriftleg, og må innehalde ei kort skildring av tiltaket med finansierings- og framdriftsplan.

Søknad om driftstilskot frå dei nemnde bygdemusea skal innehalde ein aktivitetsplan for året driftstilskotet gjeld.


§ 8 Vilkår for tilskot og utbetaling

  • Tilskotet gjeld ut tildelingsåret og det påfølgjande året.

  • Utbetaling skjer i hovudsak etter at tiltaket er gjennomført og rapportert. Ved særlege høve kan utbetaling av tilskot delast i to utbetalingar.

  • Rapporten skal sendast kommunen innan 1.oktober året etter tilskotet er gjeve.

  • Rapporten skal innehalde:

    • Utgreiing av gjennomførte tiltak og eventuelle avvik frå planen for tiltak

    • Oversikt over kostnader og finansiering av tiltaket

  • Dersom tiltaka ikkje vert gjennomført eller det ligg føre vesentlege avvik, vert tilskotet inndrege.

Bygdemusea som har fått løyvd driftstilskot skal sende inn rapport innan 1.desember året tilskotet er gjeve. Rapporten skal innehalde utgreiing av gjennomførte tilta og eventuelle avvik frå planen for tiltak.


§ 9 klage

Du kan klage på vedtak som er gjort i tråd med føresegnene i forvaltningslova kap. VI innan ein frist på tre veker frå den dagen søkjar har motteke melding om vedtak. Ei klage sendast Askvoll kommune, og må innehalde opplysningar om kva vedtak det gjeld, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast. Klagesaker vert handsama av formannskapet. 


Relevante lenker:

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post