Søk om momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg - 2021

Klikk for stort bileteBileta henta frå Lottstift.no
Frå og med 15.januar 2021 vert det opna for innlevering av søknader om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg. Søknadsfrist er 1.mars 2021
 

Korleis kan vi søkje? 

Søknader skal leverast elektronisk på eige søknadsskjema via Lotteri- og stiftelsestilsynet sine heimesider https://lottstift.no/tilskotsordningar/om-momskompensasjon-idrettsanlegg/ innan 1.mars 2021

Skjemaet vil vere tilgjengeleg frå 15.januar 2021. Rekneskapsskjema ligg også via lenke på desse sidene.  

Søknader som kjem inn etter fristen, vil verte handsama i 2022. 
 

Krav til søknaden

Ordninga med kompensasjon for mva ved bygging av idrettsanlegg kjem som eit tillegg til spelemiddelordninga. Det einaste de treng å gjere ekstra i forhold til spelemiddelsøknaden, er å sende inn ein søknad om momskompensasjon.

For å søkje om momskompensasjon må søknaden om spelemiddeltilskot vere godkjend. I tillegg må anlegget og anleggsrekneskapen vere ferdig og ferdigattestert av kommunen sin revisor. Rekneskapsskjema og revisorrapport skal inngå som vedlegg til søknaden og må sendast innan søknadsfristen. De treng ikkje å ha motteke spelemiddeltilskotet for å søkje om momskompensasjon.

  • Byggestart 
    Ordninga gjeld idrettsanlegg der byggjearbeida starta etter 1. januar 2010. Dersom utbygginga skjer gjennom fleire byggesteg, er det berre byggesteg som er sett i gang etter 1. januar 2010 som kan vere med i søknaden om kompensasjon.

  • Minstegrensa
    For å søkje om kompensasjon må det vere minst 15 000 kroner i søknadsberettiga meirverdiavgiftskostnadar.

 

Kven kan søkje?

  • idrettslag/organisasjonsledd i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF)

  • idrettslag organisert under Samisk idrettsforbund

  • samanslutningar organisert under Norges Jeger- og Fiskerforbund

  • samanslutningar under Den Norske Turistforening

  • samanslutningar under Norges Bilsportforbund

  • samanslutningar under Det frivillige Skyttervesen

  • aksjeselskap/allmennaksjeselskap

  • stiftelsar

  • andre samanslutningar


Reglar og rettleiing

Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som forvaltar ordninga om momskompensasjon til idrettsanlegg. På deira nettsider finn du nærare informasjon om reglane for ordninga og rettleiing til søknaden.