Søk momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg

Frivillige lag og organisasjonar som har bygd eller rehabilitert idretts- eller nærmiljøanlegg kan søkje om å få kompensert betalt meirverdiavgifta knytt til prosjekta sine. Søknadsfristen er 1.desember 2021.  
 

Slik søker du

Ordninga gjeld idrettsanlegg der bygginga er sett i gang etter 1. januar 2010. Ordninga gjeld ikkje drift- og vedlikehaldskostnader. 

Søknader skal leverast elektronisk på eige søknadsskjema via nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Der finst det utfyllande informasjon over kva de må gjere før de søkjer, og rettleiing til sjølve søknadsprosessen.

Ufullstendige søknader, inklusive vedlegg, kan føre til at søknaden ikkje blir behandla. Vi anbefalar difor at de set dykk godt inn i ordninga før de søkjer.  
 

Gå til søknadsskjema på lottstift.no 


Vilkår for å søkje:

Anlegget må vere ferdig før det kan søkjast om kompensasjon. Dersom utbygginga skal skje gjennom fleire byggesteg, er det berre byggesteg som er sett i gang etter 1. januar 2010 som kan vere med i søknaden.

Rekneskapsskjema og revisorrapport skal leggast ved søknaden.

For å kunne søkje må organisasjonen ha meirverdiavgifter større enn 15 000 kroner knytt til prosjektet.


Kven kan søkje?

Desse organisasjonane kan søkje:

  • idrettslag/organisasjonsledd i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF)

  • idrettslag organisert under Samisk idrettsforbund

  • samanslutningar organisert under Norges Jeger- og Fiskerforbund

  • samanslutningar under Den Norske Turistforening

  • samanslutningar under Norges Bilsportforbund

  • samanslutningar under Det frivillige Skyttervesen

  • aksjeselskap/allmennaksjeselskap

  • stiftelsar

  • andre samanslutningar
     

Spørsmål

Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som forvaltar momskompensasjonsordninga på idrettsanlegg. 

Har du fleire spørsmål? Sjekk sida spørsmål og svar om momskompensasjon på idrettsanlegg på lottstift.no

Telefon og epost Lotteri- og stiftelsestilsynet: