Koronaviruset

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Smittesituasjonen i Askvoll kommune pr. 09.10.2020

Klikk for stort bilete 
Askvoll kommune vurderer koronautbrotet på Bulandet som under kontroll, og på noverande tidspunkt er det ikkje teikn på smittespreiing blant befolkninga i Askvoll kommune. 
 

Under koronautbrotet på Bulandet har kommunen hatt god kapasitet til å teste alle som det var behov for å teste. I tillegg skal befolkninga ha ros for å ha bidrege med dugnaden ved å overhalde gjeldande karantenereglane og smittevernreglane elles. Dette har vore særs viktig for å slå ned virusutbrotet.
 

Opning av Bulandet barnehage og Bulandet skule

Bulandet barnehage vil opne att på måndag 12.oktober på gult tiltaksnivå, som er det same som før barnehagen vart stengt. Folkehelseinstituttet har laga ein trafikklysmodel med grønt, gult og rødt nivå som viser kva smitteverntiltak barnehagar og skular skal følgje. På regjeringa.no ligg det nærare informasjon for føresatte om dette. 

Bulandet skule vil opne opp att frå tysdag 13.oktober, også på gult tiltaksnivå.
 

Påminning om smittevernreglane

Ut frå den generelle smittesituasjonen i Norge, ønskjer smittevernlegen å minne om dei grunnleggjande smittevernreglane. Desse er framleis det beste forsvaret mot koronaviruset:

  • hugs god hand- og hostehygiene

  • Du og dine næraste kan omgåast normalt. Hald minst 1m avstand til andre enn dine næraste.

  • Unngå fysisk kontakt, inkludert handhelsing og klemming.

  • Hald deg heime ved ny oppstått luftvegsinfeksjon/covid-19 og ring legesenteret i Askvoll for å bli vurdert for testing.

Ikkje ta unødvendige (fritids-) reiser i eller utanfor Norge til område med høg smittespreiing eller pågåande utbrot.