Smaksverkstad for born og unge

Klatreparken på Øyra  - Klikk for stort bilete Smaksverstad er eit tilbod til barn etter skuletid der borna kan utforske, teste og smake på ny og næringsrik mat på en morosam og sosial måte.  Tilbodet er starta opp på SFO i Kvammen, Askvoll og Atløy.  Det er og starta eit tilbod etter skuletid til mellomsteget på Atløy.

Dette er eit felles prosjekt for Askvoll og Fjaler og vert finansiert av midlar frå Helsedirektoratet for å fremme kunnskap om kosthald blant barn og unge. 

Med tilskot frå "Legat til fremme av folkehelse" har det vore halde to Hybelmatkurs for 10. klassinger.

Det har vore gjennomført instruktørkurs for Fjaler og Askvoll i lag.Vi har no fått 3 kursleiarar  i Askvoll; Ingvild Bruflot Kvammen, Stine Alise Lervåg og Elin Vågen. 

Sjå bloggen frå opphaldet i Askvoll: http://smaksverkstedet.no/smaksverkstedet-i-askvoll-fjaler/

Smaksverkstad er eit folkehelsetiltak som vert drifta av "Folkelig" som er etablert i Bergen.  "Folkelig" utviklar tiltak for lokalt folkehelsearbeid og brenn for å redusere sosial skilnad i helse.

Selskapet "Folkelig" ynskjer å nytte Askvoll som "prøvekommune" i satsinga på å gje fleire kommunar dette tilbodet. 

Smakverkstaden går over 6 veker med ein kursdag for veka. Konseptet byggjer på Helsedirektoratet sine anbefalingar for eit sunt kosthald.Vi vil også ha stort fokus på det sosiale (trivelege) måltidet og set gjerne av 30 min. kun til dette, då saman med to vaksne.

 

 

 

Fann du det du leitte etter?