Finn viktig informasjon om:

 

Sivilforsvaret testar flyalarm 8. juni

Sivilforsvaret vil teste flyalarm i Noreg onsdag 8. juni klokka 12.00 

Test av flyalarm

To gongar i året, i januar og juni månad testar Sivilforsvaret varslingsanlegga (flyalarmane), for å sjekke at dei virkar og for å reparere dei som er defekte. Onsdag 8. juni klokka 12.00 testar dei varselet "viktig melding - søk informasjon" i alle kommunar som har varslingsanlegg.

Signalet

Signalet vert sendt i tre seriar med eit minutt opphold mellom seriane. Signalet betyr at du skal søkje informasjon til dømes i radio, tv, aviser og på myndigheitene sine nettsider og sosiale media.

Flyalarmane

Noreg har 1250 flyalarmar rundt om i landet, som skal varsle innbyggjarane ved akutt fare. Varslingsanlegga er stort sett plassert i byar og tettstader, og signala kan høyrast av omlag halvparten av innbyggarane. Varslingsanlegga kan bli brukt både i fredstid og i krig.

The Civil Defence will test air raid sirens on June 8th (PDF, 54 kB) (PDF, 54 kb)

Цивільна оборона випробовує сигнал повітряної тривоги в Норвегії 8 червня (PDF, 89 kB) (PDF, 90 kb)