Siste nytt - vekentleg korona-oppdatering

Oppdatert 20.01.2022
 

Veke 3 - nye smittetilfelle

I veke 3 er det så langt påvist 6 smittetilfelle. Sporinga er avslutta og personane er isolerte og husstanden og tilsvarende nære er i karantene. Smittevegen er hovudsakleg kjent. 
Ein av smittetilfellene har tilknyting til Askvoll skule. Det er satt i gang målretta testing av 2 klasser og dei berørte tilsette. 

I slutten av uke 2 dukka det opp 2 smittetilfelle på Bulandet skule – det blei utført målretta testing, som er avsluttet no. Det har ikkje kome til fleire smitte. 

Situasjonen i Askvoll er framleis veldig roleg for tida. 

Vaksinering

Vi planlegg vaksinering av barn 5-11 år. Meir informasjon vil bli lagt ut på heimesida snart. Informasjonen vil også bli sendt direkte til foreldre med barn i aldersgruppa.

Til alle vaksne som ikkje har tatt koronavaksine enno – bestill gjerne time!
Vaksinen beskyttar veldig godt mot å bli alvorleg sjuk. Det er difor viktig å ta vaksinen. 
Det må gå minimum 21 dagar mellom 1. og 2. dose. Det skal gå 20 veker mellom dose 2 og boosterdose. Time bestiller du sjølv på nettsida til kommunen:
 
Gå til elektroniske timebestilling for vaksine eller ring legesenteret på 57 73 46 00, viss det er vanskelig for deg å bestille time elektronisk.

Mvh,
Maret Krannich, kommuneoverlege Askvoll

Veke 2 - nye smittetilfelle

I veke 2 er det så langt påvist 2 smittetilfelle. Sporinga er avslutta og personane er isolerte og nærkontaktar i karantene. Smittevegen er kjent. Tillfellene er smitte innad i familier eller blant tidlegare nærkontaktar. Situasjonen er veldig roleg for tida. 

Vaksinering

Det er framleis stort fokus på vaksinering. Alle vaksne har fått tilbod om boosterdose. Aldersgruppe over 45 år ble ferdigvaksinert på onsdag 12.01. Til dykk som ikkje kunne møte til oppsett tid av ulike årsak– bestill gjerne ny time!
Vaksinen beskyttar veldig godt mot å verte alvorleg sjuk. Det er derfor viktig å ta vaksinen. 
Det må gå minimum 21 dagar mellom 1. og 2. dose. Det skal gå 20 veker mellom dose 2 og boosterdose. Time bestiller du sjølv på nettsida til kommunen:
 
Gå til elektroniske timebestilling for vaksine

eller 

Ring legesenteret på 57 73 46 00, viss det er vanskelig for deg å bestille time elektronisk.

Mvh,
Maret Krannich, kommuneoverlege Askvoll
 

Veke 1 - nye smittetilfelle 

I veke 1 er det så langt påvist 6 smittetilfelle. Sporinga er avslutta og personane er isolerte og nærkontaktar i karantene. Smittevegen er i hovudsak kjent. Dei fleste tilfelle er venta smitte innad i familier, blant tidlegare nærkontaktar eller importerte smitte etter reiser. Det vert vurdert fleire smittetilfelle framover i tid. Situasjonen vert framleis vurdert som oversiktleg. 

Testing før skulestart

Testing av elevar og tilsette i skulane og barnehagane i kommunen før skulestart har godt svært smidig. Det vart ikkje påvist smitte blant elevane eller tilsette. Takk for godt samarbeid til alle som var med i organiseringa på kort varsel og alle som måtte teste seg. 

Vaksinering

Det er stort fokus på vaksinering. Vaksinen beskytter godt mot å verte alvorleg sjuk, sjølv om det ikkje verkar så godt som vi hadde håpa på å unngå å verte sjuk. Sidan vaksinen beskytter mot alvorleg sjukdom, er det viktig å ta vaksinen. 

Det må gå minimum 21 dagar mellom 1. og 2. dose. Det skal gå 20 veker mellom dose 2 og boosterdose. Time bestiller du sjølv på nettsida til kommunen:
 

Gå til elektroniske timebestilling for vaksine


Mvh,
Maret Krannich, kommuneoverlege Askvoll


Generelt gjeld det råd om å redusere tall nærkontaktar

Oversikt over alle nye råd og reglar: