Serviceskyss

Du bestiller serviceskyss ved å ringe telefon 57 73 06 66.

Serviceskyss er ei utvida form for tingingsrute som skal køyrast etter direkte tinging frå den reisande.  Skyssen er open for alle, men hovudmålet med skyssen er å finne løysingar som aukar mobiliteten til dei eldre og dei med funksjonshemming.

Serviceskyssen er eit tilbod utforma av Sogn og Fjordane fylkeskommune i samarbeid med kommunane.

Brukarane vert henta heime og transportert til sentrum eller anna samlingsplass der dei har ulike velferdstilbod innad i kommunen.  Det varierer frå kommune til kommune kor ofte skyssen går. Nokre har 1-2 gonger pr veke, andre har kvar 14. dag.

Brukarane har tidlegare vore vane med å kontakte lokal drosje for desse turane.

I samband med bussanbodet i Sunnfjord er serviceskyssen teken inn som ein del av oppdraget.  Det betyr at Firda Billag Buss AS som no skal organisere denne skyssen.

Brukarane må tinge transporten på kvardagen før transporten skal utførast innan kl. 15.00.

Trafikkavdelinga vil på bakgrunn av tingingane som er komen inn, organsiere serviceskyssen for påfølgande dag.

Ordninga trådde i kraft 20.06.16.

Serviceskyssruter i Askvoll kommune
  Dag ruta går Til sentrum Frå sentrum
Olset - Dørhella - Fristad - Askvoll Tysdag 14.30 16.30
Rivedal - Holmedal - Askvoll Onsdag 12.00 14.00
Vilnesbakken - Sauesund Onsdag 13.45 18.20
Høyvik - Sauesund Onsdag 14.30 17.30
Skjerlia Kvammen - Ålahøgda butikk Onsdag 09.30 13.30
Kvammen - Ålhøgda butikk Onsdag 10.00 12.30
Hestvik - Rørvik - Ålhøgda butikk Onsdag 10.20 13.00
Unneset - Askvoll Annankvar fredag * 12.00

* Reisande nyttar rutebuss til Askvoll

 

Tinging
Alle som skal vere med Serviceskyssruta må tinge på førehand.
Tinging skjer på telefon 577 30 666 kvardagen før transporten skal utførast innan kl. 15.00.

Eigenandel
Eigenandel for passasjerar er kr 30,- pr tur.

http://www.kringom.no/om-serviceskyss.461557.no.html

http://www.kringom.no/getfile.php/4015856.2311.ksw7u7iznpkpss/Retningslinjer+Serviceskyss+01.01.18.pdf

Fann du det du leitte etter?